Saftige tomatar, gode grønsaker, olivenolje med sin litt kraftige smak, fersk sjømat og dufta av vill oregano kan vekke gode minner og freiste smaklaukane våre no om hausten.

Grønsaker og sjømat, det originale middelhavskosthaldet er både sunt og helsefremmande, men middelhavskosten handlar ikkje berre om mat. Det sosiale rundt maten er ein grunnleggjande svært viktig og grekarane legg stor vekt på at familien samlast ved middagen, som ofte kan vare i fleire timar.

Travle kvardagar tek av tida vår her i nord og for mange er det først i helgane ein får tid til å sitje lenge rundt matbordet. Mat er svært viktig for både vår fysiske og mentale helse, men skal også formidle livsglede, oppleving og ei kjensle av fellesskap. Middelhavskosten held oppe disse eigenskapane på ein fantastisk måte!

Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g laksefilet, utan skinn og bein

100 g reker, utan skal

½ stk appelsin

1 stk lauk

2 fedd kvitlauk

2 ss tomatpuré

800 g hermetiske tomatar, grovhakka

1/2 terning fiskebuljong

1 ts chilipasta

1 ts sitronsaft

10 stk oliven, svart

olivenolje

oregano

salt

Tilbehør

Godt brød

Framgangsmåte

Skjer laks i 3 cm terningar og riv skalet av appelsin.

Skjer lauk i tynne båtar, finhakk kvitlauk og surr på svak varme til lauken er blank.

Tilsett tomatpuré og la det surre litt.

Tilsett appelsinskal, hermetiske tomatar og fiskebuljong. La det koke i ca. 15 minutt utan lok.

Smak til med chilipasta, oregano, sitronsaft og salt.

Legg lakseterningane i sausen og la dei trekke til dei nesten er kokt.

Skjer oliven i ringer og ha i gryta saman med reker ved servering.

Server gryta med brød ved siden av og gjerne litt friske urter på toppen.