(NPK-NTB): Ved inngangen til 2017 var lakseprisen på sitt høgste med nesten 80 kroner per kilo. Sidan då har prisen falle frå 79,69 kroner til 50,94 kroner i midten av september, skriv Finansavisen.

– Vi kan forvente eit kortsiktig prisfall i haust sidan lakseoppdrettarane i større grad har kontroll med lakselus. På lengre sikt er det likevel vanskeleg å sjå for seg at lakseproduksjonen vil klare å møte etterspurnadsveksten, seier analytikar Aandahl til avisa.

Han peikar på at andre lakseproduserande land mest sannsynleg ikkje vil kunne produsere like mykje i volum, og derfor vil prisen auke i åra som kjem.

– Det er mange årsaker til at vi framleis vil sjå høge prisar på laks dei neste 5–10 åra. Eg trur på framleis stigande laksepris, men det er klart at ein lågare og stabil laksepris vil bidra til å auke konsumet. Og for marknaden er det mest verdi i å auke voluma som blir selt, framfor prisen, seier Aandahl.