– Det neste no er å klage saka inn for Sivilombodsmannen, viss ikkje Riksantikvaren snart gjer noko, seier Schjelderup.

Han er ein av etterkomarane etter Margarete Schjelderup, som er gravlagd på den gamle gravplassen. I grava ligg også mannen hennar, Christopher Rønneberg.

– Ja, Margrete er stammora mi. Eg er sjuande generasjon etter henne, fortel Schjelderup.

Skadd i orkan

Gravminnet, som er mest synleg på grunn av ei stor kiste i støypejarn, vart skadd under ein orkan i februar i fjor. Då datt ei stor grein ned på kista og knuste den. Berre loket er framleis intakt.

– Dette er eit uerstatteleg kulturminne, seier Schjelderup.

Han har no sendt brev til Riksantikvaren og etterlyst tiltak for å setje gravminnet i stand.

Schjelderup har vore redd for at snøen kunne øydelegge loket, men då Vikebladet Vestposten var på gravplassen måndag, var loket lagt ned på graset og sikra med tunge steinar.

– Det var godt å høyre, seier Scjelderup.

Løysing i haust

Kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul, fortel at han har vore i kontakt med Riksantikvaren ei rekkje gongar om gravminnet på Ulstein.

– Ja, eg purra sist i mai i år, i samband med at kyrkja i sentrum vart måla. Eg har enno ikkje høyrt noko, seier Kaul.

Ulstein sokn foreslår no følgjande løysing: fjerne ramma inntil vidare, lage eit bed av singel og så legge loket oppå singelen.

– Dette er noko vi har sett har vorte gjort andre stader med liknande kulturminne, men vi vil gjerne ha innspel frå Riksantikvaren på om dette er rett måte, seier Kaul.

Han fortel også at treet ved sida av grava bør fjernast, sidan det nyleg ramla nok ei grein ned på Rønneberg-grava.

Rik mann

Christopher Rønneberg må i si tid ha vore den mest velståande mannen på Sunnmøre. I 1781 kjøpte han Ulstein kyrkje og i 1801 kjøpte han Hareid kyrkje. Christopher Rønneberg og kona Margarete er begge gravlagde på den gamle kyrkjegarden på Ulstein. Ifølgje teksten på gravminnet deira vart dei stamforeldre til ikkje mindre enn 8 barn, 50 barnebarn og 30 oldebarn.

i 2010: Dette bildet tok Villum Schjelderup i 2010, då ein av etterkomarane til Christoffer Rønneberg, Anton Rønneberg, besøkte den gamle kyrkjegarden på Ulstein. FOTO: Privat Foto: Privat