Ulstein kommune har tidlegare vore klare på at badeanlegget i Ulstein Arena ikkje er noko badeland. Dette er naudsynte badebasseng som skal nyttast til symjeundervisning for skulane.

Men i fjor vår kom det opp at det var litt uvisst korleis dei skulle definere badeanlegget. Korleis badeanlegget blir klassifisert med Skatteetaten før følgjer for økonomien til både bygget og drifta av bygget.

Blir badeanlegget klassifisert som opplevingssenter blir det rekna meirverdiavgift (moms) på inngangsbillettane til badet. Om det ikkje er eit opplevingssenter blir det billettinntekter utan moms, men då kan kommune heller ikkje trekkje ifrå momsen.

I mars 2016 sa rådmann Verner Larsen til Vikebladet Vestposten at det kunne vere aktuelt å gjere som med Ulsteinhallen. Ulsteinhallen blir både brukt til undervisning og utleige. Der får kommunen att moms for den kommunale bruken, medan dei får tilbake moms etter eit anna regelverk for utleige.

På det tidspunktet hadde korkje kommune eller Skatteetaten konkludert med kva dei skulle definere badedelen som.

Ingen konklusjon

Men det har kommunen gjort no. Ulstein formannskap får til kvart møte ein rapport om korleis det går med arbeidet med Ulstein Arena.

Ulstein formannskapet har møte i dag, tysdag 17. oktober. I rapporten som ligg med sakspapira til dette møtet står det at kommunen/UEKF har hatt møte med Skatt Midt i Molde saman med kommunen sin spesialrådgjevar. Dette var eit konstruktivt møte, men det var ikkje trekt konklusjonar anna enn at saka er kjent for skatteetaten, og at dei framleis kan bruke litt tid på dialog. – Vi argumenterer framleis for at badedelen bør definerast som badeland, og at klatrehallen saman med badet bør sjåast som eit opplevingssenter, skriv Rune Urke, dagleg leiar i UEKF.

Urke skriv vidare at det er håp om å få Skatt Midt på synfaring til Ulstein Arena så dei kan gjere seg kjent med prosjektet. Då kan kommunen også spørje dei om kva meir som skal til for å bli eit opplevingssenter/badeland i momsforstand.

På grunn av stort arbeidspress og mange hastesaker har dei ikkje fått seld fleire parkeringsplassar.

Alt som har med økonomi å gjere i rapporten er sladda.

Sladda: Alt som står under overskrifta økonomi i rapporten er sladda og unnateke offentleg innsyn. Foto: Ingvild Aursøy Måseide