– Det er viktig at vi protesterer, sidan regjeringa kjem med kuttforslag år etter år, seier rektor på Sunnmøre folkehøgskule, Arnt Ole Grimstad.

Det er tredje året regjeringa vil redusere tilskotet. I forslaget til statsbudsjett for neste år ligg det inne eit kutt på 45 millionar kroner for folkehøgskulane. For SUFH vil det innebere 468.000 mindre i statsstøtte, noko som først og fremst kjem til å ramme andreklassingane på skulen.

– Eit idealsamfunn

Magnus Pettersen (20) frå Tromsø er ein av tolv andreklassingar på SUFH. Han var elev på multisportlinja i fjor, og likte seg så godt at han ville ta eitt år til på skulen. No er han såkalla stipendiat, eller «stip» på folkehøgskulespråket.

– Eg synest filosofien til folkehøgskulane er veldig bra, for det handlar om å verte sett og godteken for den du er, seier Pettersen.

Han meiner folkehøgskulen er eit idealsamfunn, fordi det ikkje finst det klasseskiljet ein kan finne i arbeidslivet og elles i utdanningssystemet.

– Det er veldig kort veg mellom oss elevar og dei som jobbar på skulen, og som stipendiat får eg verdfull leiartrening, seier tromsøværingen.

Rektor Arnt Ole Grimstad seier stipendiata er utruleg viktige for skulen, både som motivatorar og medhjelparar.

– Forslaget i statsbudsjettet inneber at desse andreklassingane ikkje lenger vil ha rett til studiestøtte, og då vil det ikkje lenger vere så veldig attraktivt å ta dette andre året, seier Grimstad.

Rekordmange elevar

Sunnmøre folkehøgskule har i år 112 heilsårselevar og 28 halvårselevar. Skulen har aldri hatt fleire elevar, berre eitt år før har dei hatt like mange. Rektor Grimstad håper og trur at forslaget frå regjeringa vert røysta ned i Stortinget.

– Både V, KrF, SV og Sp gjekk til val på at dei skulle auka støtta til folkehøgskulane. No er det faktisk like mange som går folkehøgskule som tek førstegongsteneste. Difor reknar eg med at desse partia vil kjempe vår sak, seier Grimstad.