– Vi er veldig tidleg ute, men det er vel litt typisk meg å vere utolmodig, seier Line Urke, leiar i Ulstein Næringslag.

I fjor var det Ulstein kommune som arrangerte eit felles fyrverkeri frå moloen på Saunes. I år har næringslaget fått ansvaret.

– Dette vert bra, folk snakkar veldig positivt om den opplevinga dei hadde nyttårsaftan i fjor, seier Urke.

Treng 100.000

Målet er å samle inn eit hundre tusen kroner. Førebels har innsamlinga gått tregt, det har kome inn berre fem tusen.

– Der vil eg rose Ulsmo, som er første og førebels einaste bidragsytar. Har vi til dømes ti bedrifter som gir fem tusen kvar, er vi oppe i femti tusen, seier Urke.

Ho trur at også privatpersonar kan ha lyst til å betale for å ha eit felles fyrverkeri. I tillegg er ho sikker på at også Ulstein kommune vil bidra med pengar.

– Målet er trivsel og glede for dei som feirar nyttårsaftan her. Og så er målet å få vekk desse cowboyane som driv og skyt opp fyrverkeri i byggefelta, seier ho.

Ifølgje kultursjef Leif Ringstad brukte kommunen i fjor ti tusen kroner til fyrverkeriet. No er det innkjøpsstopp i kommunen og dermed meir usikkert om kommunen kjem til å bidra til spleiselaget.

Større og fleire effektar

Sist nyttårsaftan var første gong Ulstein hadde eit felles fyrverkeri. Då vart det skote opp frå moloen på Saunes, og Urke fortel at det var folk over alt i sentrum. I år kan det verte annleis.

– Ja, eg har kontakt med to leverandørar av fyrverkeri. Den eine seier at dei gjerne vil kome seg lengre ut i sjøen, og at dei då kan ha endå større fyrverkeri med fleire effektar.

Korleis skal de klare å få til det då?

– Eg har allereie vore i kontakt med Ulstein verft og spurd om det er mogleg å få låne ein lekter av dei. Så har eg snakka med ein slepebåtførar for å sjekke om det er mogleg å slepe lekteren eit stykke utover før midnatt nyttårsaftan, fortel Line Urke, som er sikker på at det kjem inn nok pengar før året er omme.