Myrene, som er sonen til Tegneren-grunnleggjar Arnljot Myrene, kjem frå Stokke AS, der han har hatt ei rolle som design lead dei siste åra. Det skriv Tegneren i ei pressemelding.

- Robert er utdanna industridesigner ved Arkitekthøgskulen i Oslo. I tillegg til å designe produkt, har han mellom anna jobba med interiørarkitektur, retail design, båtdesign og digitale media. Robert vil ha base ved vårt nyoppretta Oslo-kontor, men servar kundar i heile vårt nedslagsfelt, skriv Tegneren.

Frå leiar til senior designar

Avtroppande leiar Arnljot Myrene går inn i rolla som senior designar.

- Arnljot vil vere å finne på kontoret i Ulsteinvik enno ei tid framover, før han går av med pensjon på nyåret, står det å lese i pressemeldinga.