Gjennom dei store, boga vindauga i Sentrumsbygget (tidlegare Nordea) kan forbipasserande kike inn på ei fargerik kunstutstilling. Men utstillinga er open kvar ettermiddag, så det er lurt å ta turen inn. Anten for berre å titte, eller for å kjøpe.

Randi Ringstad, fødd og oppvaksen på Rise men busett i Haddal, stiller ut akvarellar og eit par acrylmåleri. Fellesnemnaren for bileta hennar er «Ut i naturen». Ho går tett på, og skildrar idyllar.

- Eg var veldig glad i å teikne som lita jente. Men så vart det ei topphald inntil eg melde meg på eit malekurs med Kåre Djupvik på 1980-talet, fortel Randi Ringstad, som i dag er medlem i ein maleklubb i Herøy.

Dei tre andre utstillarane, Alv Rise Bente Mork Blindheim og Ingunn Haddal, går saman i ein måleklubb kvar 14. dag.

Under opninga av utstillinga i Sentrumsbygget tysdag ettermiddag sa Ingunn Haddal at dei finn glede av å arbeide saman.

- Men opp gjennom åra har vi gått på kurs også. Det gir oss inspirasjon, og vi får av og til verkeleg ånda til å halde på vidare, la ho til.

Haddal siterte avdøde Otto Pedersen, som ein gong hadde kome i diskusjon med ein kar om kva som var kunst.

«Hadde vi visst det, så hadde det ikkje vore kunst», slo Pedersen fast.

- Og kanskje er det nettopp slik det er. Kvar av dokke får vurdre kva de ser i bileta, og om de synest det er kunst, sa Haddal til flokken som hadde møtt fram til opninga.

Alv Rise sine motiv er fargesterke, og halvabstrakte. Ingunn Haddal er den mystiske av dei, og Bente Mork Blindheim sine bilete er både farge- og kjenslevare. Og Randi Ringstad står kanskje for dei mest romantiske motiva.

Utstillinga er open nokre timar kvar ettermiddag til og med søndag i Hareidsstemneveka.