Eldar Knotten (Venstre) sa tidleg ifrå i ordskiftet i Ulstein formannskap om at han er prinsipielt i mot oreigning. Han synest ikkje det er ein god veg å gå. Han oppmoda ordføraren og rådmannen om å prøve å forhandle litt til.

– Kommunen har lenge prøvd å forhandle, og har kome motparten litt i møte. Men eg vurderer avstanden til å vere for stor, svara ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) som ser det som ein fordel å få til ein frivillig avtale. Kommunen har fått til frivillig avtale med dei fleste grunneigarane på Skeide. Og han trur også kommunen vil kome i mål med dei andre.

I dette tilfellet er det snakk om ein stor grunneigar (23 mål). Sjølv om dei gjennom dette vedtaket går inn for oreigning, står det også i tilrådinga frå rådmannen at dei skal forhandle vidare. Men det er eit kraftig signal om at kommunen er villig til å gå langt for å få redusert byggjeprosjektet på Skeide.

– Eg og Høgre er heller ikkje prinsipielt for oreigning, men når ein byrjar stoppe utviklinga, då er begeret fullt og ein må ta grep. Dette er viktig for utviklinga i Ulsteinvik, meinte Tor Meinseth (Høgre).

Steinar Torvik (Kristeleg Folkeparti) meiner også det er best å forhandle for å få til frivillig avtale, men om ikkje det går bør ein ta i bruk oreigning.

Setje ein frist

Knotten meinte det ikkje skaper noko godt forhandlingsklima at kommunen vedtar å gå til oreigning. Men var samd i at det kunne gå ei grense for kor lenge ein kan forhandle. Kva med å setje ein frist?

Jau, det var dei andre i formannskapet samd i kunne vere ei løysing. Det er Ulstein kommunestyre som fattar endeleg vedtak om eventuell oreigning. Om kommunen set fristen til 1. desember gjer dei å gjere unna dette i god tid før kommunestyremøtet 14. desember.

Har alt opna for oreigning

Renathe Rossi-Kaldhol (Arbeidarpartiet) viste til at kommunestyret alt i 2016 opna for å ta bruk oreigning på Skeide for å få realisert utbygging. Ein set alt på vent så lenge ein forhandlar. Det er på tide å setje ein frist for å kome vidare.

Formannskapet vedtok samrøystes å setje ein frist til 1. 12. for å få til frivillig avtale. Om ikkje blir det oreigning, om Ulstein kommunestyre gir klarsignal.

Tomta: Søskena Astrid Urvik, Bodill Skeide og Lindor Skeide seier dei ikkje er imot utvikling på Skeide, men vil ikkje gje frå seg heile tomta på 23 mål. Faksimile av Vikebladet Vestposten 12. oktober. Foto: Ingvild Aursøy Måseide