Ho har sjølv stått for tekst og melodi, det er ho som syng og ho er med å produsere songen i lag med ektemannen sin, Sveinung Sætre.

– Kva handlar songen om?

– Den handlar om kjærleik. Om at man har funne nokon ein kjenner seg frisk og ung saman med, at tida har stoppa, forklarer den utflytta eiksundaren.

Medan den førre songen hennar handla om å gjere det slutt, er det her berre positivitet og glede.

– Det er absolutt ein positiv gladsong, røper ho.

I vår hadde Rak Marie med band konsert «heime» på Sjøborg. På denne singelen har ho med seg to av musikarane ho hadde med seg då. Det er Håvard Fylsvik (også frå Ulstein) og Ole Bendik Rørstad. I tillegg har ho med Kristian Sæland og Ole Tobias Antonsen.

Rak prøver å få til ein julekonsert i Ulsteinvik, men det kan vere konserten blir i Herøy i staden. Til våren vil ho halde konsertar på Austlandet, og ho vil innom Ulsteinvik.