Sylvi Aambø og Ingeborg Rørvik Lejon vonar at også dei som besøker utstillinga i Convex-bygget vil vere med på leiken.

– Vi håper at vi kan ta med publikum på ei reise som er litt annleis enn det dei opplever i kvardagen, seier dei.

Då Vikebladet Vestposten var innom torsdag, var dei to kunstnarane og medlemmer i kunstlaget i full sving med å få bilete og keramikk på plass i utstillingslokala i 2. etasje.

Samklang

– Vi føler at arbeida våre kling godt i lag. Kanskje kan samspelet mellom arbeida våre setje i gang andre tankeprosessar hos publikum enn om vi skulle ha stilt ut kvar for oss, seier dei to kunstnarane.

Dei har hatt ei felles utstilling før, på Nordfjordeid i fjor. Det var så vellukka at dei no vil stille ut saman i Ulsteinvik.

– Eg kallar meg kolorist, forklarer Sylvi Aambø når ho vert beden om å skildre kva som kjenneteiknar arbeida hennar.

– Eg nyttar mykje fargar og er glad i å lage bilete som syner relasjonen mellom menneske og dyr. Elles er eg oppteken av å få fram miljøaspektet, at vi må ta vare på jorda vår, seier ho.

Sylvi Aambø bur i Volda, men er opphavleg frå Ørsta. Ho har stilt ut i samarbeid med Ulstein kunstlag to gonger tidlegare.

Ingeborg Lejon tok til å arbeide som keramikar for 15 år sidan. Ho har eigen keramikkverkstad og utsal i Volda der ho bur. Det er første gongen ho stiller ut i Ulsteinvik.

– Tidlegare arbeidde eg mest med brukskunst, men etter kvart som eg har blitt trygg på mitt eige uttrykk har kunstnaren i meg kome meir og meir fram, forklarer ho.

På utstillinga finst det både skulpturar og skulpturelle krukker, måleri og grafikk. Felles for mange av arbeida er ein fabulerande og leiken stil, med ein god porsjon humor.

Utstillinga opnar i dag fredag og er også open i morgon laurdag 21. oktober og neste fredag og laurdag, 27. og 28. oktober.