I fjor vart det slutt på postombering på laurdagar som følgje av eit dramatisk fall i talet på brev dei siste åra.

– Neste naturlege skritt i tilpassinga av tenestetilbodet til marknadsutviklinga er reduksjon i talet på dagar for postomdeling, slik det er gjort i fleire andre europeiske land, skriv posten i sin kvartalsrapport for tredje kvartal.

Det er allereie planlagt å kutte talet på postterminalar frå ni til tre og talet på postfly frå sju til tre ved årsskiftet. Dette inneber også at mange tilsette misser jobben.

Omstridd

Dersom det skal kuttast i talet på dagar med post, må det bestemmast av Stortinget. Debatten har på nytt blitt aktuell etter at regjeringa i statsbudsjettet foreslo å berre løyve 165 millionar kroner for å sikre postombering fem dagar i veka i 2018 – noko som er 540 millionar kroner mindre enn det Posten hadde bedt om.

Fleire opposisjonspolitikarar har hevda at dette vil føre til dårlegare posttilbod, og kanskje også kutt i talet på dagar.

I sin kvartalsrapport skriv Posten at det er «heilt nødvendig med større regulatorisk handlingsrom for raskare å kunne tilpasse tenestetilbodet til marknadsutviklinga.»

Avviste skjult agenda

I ein debatt på NRK tysdag avviste samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at dei låge løyvingane til Posten var del av ein plan om å kutte i tilbodet.

– Det ligg ingen skjult agenda i dette. Dette går på å prøve å løyve det som er riktig. Stortinget har sagt at dei ønsker postombering fem dagar i veka. Dersom vi skal endre på det i framtida, blir det ein ny debatt i Stortinget først, sa Solvik-Olsen.