Overkapasiteten i norsk kraftproduksjon betyr at Noreg kan selja straum til utlandet. For tida blir det bygd to nye kablar til utlandet frå Noreg.

– Desse kan pressa kraftprisen i Noreg litt opp. Samtidig blir det investert mykje i vindkraft som trekkjer prisane noko ned, seier avdelingsdirektør Anne Vera Skrivarhaug i NVE.

Ho legg til at det som likevel har mest å seia for den norske kraftprisen, er om EUs klimapolitikk gjev ein høgare pris på klimagassutslepp eller ikkje.

Den nye marknadsanalysen peikar elles på at høgare norske kraftprisar slår positivt ut for satsinga på norsk vindkraft.

– Landbasert vindkraft konkurrerer allereie i dag med utbygging av vasskraft i Noreg, seier Skrivarhaug.

Frå midten av 2020-talet reknar NVE med at dei beste vindkraftprosjekta kan vera lønsame utan støtte. Utbygginga av vindkraft fører til at det norske kraftoverskotet er venta å auka frå rundt 5 TWh i dag til i underkant av 15 TWh i 2030. Som ei følgje av dette spår NVE-analysen at det nordiske kraftoverskotet kjem til å bli firedobla fram mot dette tidspunktet.