– Slett ikkje uventa, seier dagleg leiar i SSR, Einar Heimdal. Han snakkar om kommentarfeltet på Facebook, etter at Vikebladet Vestposten torsdag la ut ein nettartikkel om forslaget frå selskapet om å endre den såkalla hentefrekvensen.

– Desse reaksjonane rekna vi med, seier han.

Kontroversielt forslag

I dag hentar SSR både restavfall og papir, plast og papp kvar fjortande dag. Frå sommaren 2019 er målet at alle husstandar i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande også skal sortere matavfall, som skal hentast kvar fjortande dag. Då skal restavfall og papir, plast og papp hentast ein gong i månaden.

I saksutgreiinga til representantskapet skriv Heimdal følgjande:

«Det mest kontroversielle i denne saka er nok forslaget om å endre hentefrekvensen på papp, papir og plast.» Han meiner det verken økonomisk eller miljømessig er forsvarleg å halde fram med henting kvar fjortande dag.

– SSR har landets beste henteordning når det gjeld papp, papir og plast, vi har i alle fall ikkje funne eit selskap som har betre ordning enn oss. Og sjølv med henting ein gong i månaden vil det vere eit godt tilbod, seier Heimdal.

Ikkje uventa

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk av eigd av kommunane, som utøver sitt mynde gjennom representantskapet. Leiar der er ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh. Han er ikkje overraska over forslaget om å endre henterutinane.

– Vi i eigarkommunane har visst om dette ei stund. Det er faktisk eit EU-direktiv som er bakgrunnen for dette, seier Engh.

Direktivet krev at femti prosent av hushaldningsavfall og liknande avfall vart gjenvunne i 2020, og gjennom EØS-avtalenhar Noreg plikt til å gjennomføre dette.

– For å nå dette målet, er vi nøydde til å starte innsamling av matavfall, seier Einar Heimdal.

– Vi har diskutert korleis kommunane framleis skal ha ei god renovasjonsordning utan at kostnadene skal auke, seier Knut Erik Engh.

Men skjønar du at folk er skeptiske til dei foreslåtte endringane?

– Ja, eg forstår at folk både er skeptiske og har sterke meiningar. Eg vil be dei tenkje nokre år tilbake, sist gong SSR endra henterutinane. Også den gongen var det mykje debatt. Eg trur folk må ha litt is i magen, og så er det viktig å fortelje at den nye ordninga skal evaluerast, seier Engh.

Han trur det vert fleirtal i representantskapet når saka skal behandlast komande fredag.

Uendra gebyr

Både Engh og Heimland peikar på at gebyret, der to tredelar går til hentinga av avfall, har vore uendra sidan 2012. Også neste år vert gebyret på 3.141 kroner. Gebyret har vore uendra sidan 2012. I økonomiplanen for 2018–2021 er det lagt opp til ein auke i gebyret på 3 prosent i 2019 og 4 prosent i 2020 og 2021.

Einar Heimdal reknar med at SSR kjem til å samle inn mellom 1200 og 1500 tonn matavfall i året. Innsamlinga er også nedfelt i eigarstrategien for selskapet, som er vedteken av alle dei fire kommunestyra.

– Matavfallet skal anten brukast til biogassproduksjon eller kompostere det, fortel Heimdal.

Han håper det planlagde biogassanlegget i Ørsta vert realisert. Viss ikkje må matavfallet truleg sendast til Austlandet for biogassproduksjon der.

Går det siste alternativet verkeleg i pluss miljømessig?

– Ja, det gjer det, det har vi tal på, seier han.

Dersom forslaget vert vedteke i representantskapet, får dei første husstandane dunk for matavfall neste haust. Til sommaren 2019 er målet at alle husstandar er kopla på ordninga.

Tøming: I 2016 leverte kvar innbyggar i snitt 152 kilo restavfall i SSR sitt område. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem