I Vikebladet Vestposten tysdag etterlyste Villum Schjelderup i Herøy framdrift i arbeidet med å reparere det nesten 200 år gamle gravminnet. Han er ein av etterkomarane etter Margarete Schjelderup, som er gravlagd på den gamle gravplassen. I grava ligg også mannen hennar, Christopher Rønneberg.

No har Schjelderup fått svar frå Riksantikvaren: «Vi har mynde for den freda grunnen på Ulstein gamle kyrkjegard, men gravminna er det fylket som har ansvar for», skriv seniorrådgjevar Kjersti Marie Ellewsen.

Gravminnet, som er mest synleg på grunn av ei stor kiste i støypejarn, vart skadd under ein orkan i februar i fjor. Då datt ei stor grein ned på kista og knuste den. Berre loket er framleis intakt.

Riksantikvaren skriv at det ikkje er ofte ein ser støypejarnskister som er utforma på denne måten, og at det beste difor vil vere om kista vert reparert og gjenskapt på staden slik ho alltid har sett ut.