Det står verken opprykk eller nedrykk for Hødd før sesongens siste kamp. Laget har ikkje så veldig mykje å spele om borte mot Egersunds, anna enn å skaffe seg ei best mogleg tabellplassering og å halde på den gode statistikken ein har skaffa seg denne hausten.

For etter sigeren over Hønefoss sist veke har ikkje Hødd tapt på ni kampar. Bryne var siste laget som slo Hødd, og den kampen gjekk 13. august.

Laurdag møter Hødd eitt anna lag som har vore vanskelege å slå denne hausten. På sine ti siste kampar har det berre blitt eitt tap, borte mot Vard Haugesund, medan det har blitt seks sigrar i same periode. Her har Egersunds mellom anna slått Bryne, Nardo og Fram. Borte mot Bryne vann EIK heile 6-1, og gjorde dermed sitt til å begrave opprykkshåpet til jærbuane.

Det er dermed inga enkel oppgåve som ventar Hødd på Idrettsparken i Egersund, sjølv om dei blåkvite vann 2-0 då laga møttest på Høddvoll.

Då var det Amani Mbedule og Eirik Haugan som scora måla for Hødd.

Dei siste kampane har Sindre Eid nytta moglegheita til å gje ei rekkje unggutar speletid. Fleire har fått sine debutar i seriesamanheng, men denne gongen blir det truleg mindre av slikt.

Fredag avslutta nemleg Hødd 2 sesongen borte mot Volda, og med ein noko redusert stall måtte Hødd 2 ha sine tilgjengeleg. Hødd reiste også til Egersund med ein noko mindre tropp, slik dei har for vane på mange av bortekampane.

Torbjørn Kallevåg er med i troppen mot Egersunds til det som vil vere hans siste Hødd-kamp dersom han får speletid. Robin Shroot er ikkje med i troppen og har spelt sin siste kamp for Hødd.

Allereie før siste runde i 2.-divisjon avdeling 2 er det klart at Byåsen, Fana og Vindbjart blir dei tre laga som rykker ned til 3.-divisjon.

Det einaste som i utgangspunktet ikkje er sikkert er kven som sikrar seg den direkte opprykksplassen. Der står kampen mellom Nest-Sotra og Notodden. Begge spelar bortekampar i helga, og står med like mange poeng før siste serierunde. Dersom det blir siger i begge hamnar truleg Nest-Sotra på topp grunna betre målforskjell, men Notodden har ein enklare kamp på papiret.