Danske flødeboller er små søte godsaker med botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum og sjokoladetrekk utanpå. I denne har eg brukt marsipanbotn og fylt med eit herleg kaffiskum som er dekt av mørk sjokolade.

Namnet «flødebolle» kjem av at dei tidlegare blei laga med fløte, men med tida blei dette bytta ut med eggekvitar for å gjere både produksjon og haldbarheit enklare. I Danmark er desse søtsakene solgt i store mengder kvart år. Årsaka til at dei er så populære er nok kanskje at dei kan lagast med så utruleg mange forskjellige smakar og derfor fell i smak hjå dei fleste.

Ingrediensar til 16 stk. :

115 g marsipan (helst med høgt innhald av mandlar)

200 g mørk kokesjokolade

Kaffi-skum:

75 g sukker

40 g glukosesirup

40 g vatn

50 g eggekvite

1 ts sukker

1 toppa ts pulverkaffi + nokre dråpar varmt vatn

Forvarm steikeomnen til 175 ºC.

Del opp marsipanen i 16 like delar og trill til kuler. Kjevle dei flate til runde sirklar som er litt større enn ein 5-kroning og nokre mm tjukke. Legg på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i ca. 3-4 minutt, til dei er faste i kantane og framleis mjuke i midten. Avkjøl på brettet.

Ha sukker, glukosesirup og vatn i ein kjele og lat det koke opp på middels lav temperatur. Deretter skal det småputre til det når ein temperatur på 117 ºC. Bruk eit sukker-termometer og følg godt med heile tida. Når sukkersirupen har nådd ein temperatur på 110 ºC kan du piske eggekvitar saman med 1 ss sukker i kjøkenmaskin til det startar å skumme. Når sukkersirupen har nådd 117 ºC heller du den forsiktig over i eggekvitane i ein tynn stråle medan maskina går på høg fart. Fortsett å piske blandinga til bollen har kjølna igjen og du har tjukt, blankt og luftig skum. Dette tek ca. 10-15 minutt. Ha pulverkaffi i eit glas og bland ut med nokre dråpar varmt vatn til det løyser seg opp. Ha det i skummet og pisk vidare i 2-3 minutt. Ha skummet i ein sprøytepose og sprøyt ut små toppar på kvar av marsipan-botnane. Lat det lufttørke i romtemperatur i 1-2 timar, slik overflata størknar.

Finhakk sjokolade og ha 2/3 av den i ein bolle og smelt over vassbad på lav varme. Når sjokoladen er smelta trekk du den frå varmen og har i resten av sjokoladen. Rør rundt til alt er smelta. Dypp forsiktig flødebollane i sjokoladen slik det dekkjer heile bollen, men ver forsiktig slik ikkje skummet smeltar og dett av botnen. Set på eit brett og lat sjokoladen stivne i kjøleskapet. Oppbevar i kjøleskap eller frys ned i tett boks.

Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt.

OM SPALTISTEN: Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeider og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. – Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Marius Myklebust