Frå 1. januar 2018 trer det i kraft ei lovendring som flyttar ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar frå tingrettane til kommunane. Ordføraren i Kongsvinger, Sjur Strand, hissa seg opp over lovendringa. Han har uttalt til Kommunal Rapport at regjeringa gjer dei til klovnar.

Men slik ser ikkje ordførarane i Ulstein og Hareid på den nye oppgåva kommunane får. Anders Riise synest det er flott at dei frigir ressursar frå rettssystemet, samtidig som innbyggjarane slepp å reise til Volda eller Ålesund for å gifte seg borgarleg. Dessutan blir det ei triveleg oppgåve å få.

– Det blir som eit krydder i kvardagen, smiler han.

Open for mykje

Det er kommunestyra som avgjer kven i kommunen som skal ha vigselsrett. Ordføraren og varaordføraren er gitt vigselsrett direkte gjennom lova. I tillegg kan kommunestyra gje slik rett til kommunalt tilsette eller folkevalde.

Hareidsordføraren foreslår for formannskapet at det held at han og varaordføraren får denne retten. Han har basert tilrådinga si på det Volda kommune kom fram til.

Han ser ikkje for seg at dei treng å lage til eit eige seremonirom. Dei kan vanlegvis bruke ordførarkontoret eller kommunestyresalen, men han er også open for å gjennomføre vigsling utanfor rådhuset.

– Det kan vere Overåsanden, Kvitneset, Polarstar, Ishavsmuseet eller Alskleiva, føreslår Riise. Han synest det er flott at innbyggjarane i kommunen kan få ein lokal vri på denne høgtidsdagen.

Engh ser helst at vigslane blir lagt innanfor kontortida, men er også open for andre tidspunkt.

– Vil kommunen stille med musikk eller andre kulturelle innslag?

– Nei, det må dei skaffe sjølv. Kommunen vil sørgje for ei verdig ramme, fortel Riise og Engh.

– Det er færre som giftar seg i kyrkja, dette er ein trend som kan bli forsterka, seier Riise. Han minner om at Human Etisk Forbund også har denne vigselsretten, for dei som ikkje ønskjer å gifte seg i kyrkja.

Bryllaup på 15 minutt

Det borgarlege vigselformularet er fastsett ved kongeleg resolusjon og skal nyttast ved gjennomføring av borgarleg vigsel. Domstolane sin praksis har vore å setje av 15 minutt til ein vigsel, noko som blir tilrådd å føre vidare. Fem minutt går med til å lese opp vigselformularet, så har brureparet ti minutt tilgjengeleg til musikk, tekstlesing eller liknande.

Men båe ordførarane er klare på at det blir ikkje opna for noko «drop in-bryllaup». Kvart bryllaup skal avtalast i god tid på førehand. Og paret som skal gifte seg må ha attesten frå Folkeregisteret klar.

– Det må ikkje bli heilt Las Vegas, slår Engh fast.

Men dei ser berre fram til å ta imot gifteklare og at det kan bli bryllaupsbilar med skranglande blekkboksar utanfor rådhuset innimellom.

Det er vanskeleg å vite kor stort trykket blir med bryllaup for ordførarane. Dei ser ikkje for seg at dette blir noko som skjer kvar veke.

Men Riise kan røpe at han alt har fått e-brev frå nokre par som vurderer borgarleg vigsel og lurer på korleis dei blir i Hareid kommune.

No er ordførarane spente på kven som blir førstepar ut.

Ute: Hareidsordføraren er open for å dra ut av rådhuset for å vigsle brurepar, om det lar seg gjere praktisk og vêrmessig. Skal det leigast andre lokale, må brureparet koste det. Foto: Ingvild Aursøy Måseide