Kurset som går av stabelen laurdag 28. og søndag 29. oktober i Yogano-lokala i Bjørndalvegen, skal lære deltakarane å stresse ned i ein elles hektisk kvardag.

Kurset blir leia av Linda Elin Aase, som har spesialkompetanse innan fagfeltet vald og traumatisk stress. Aase har halde fleire slike kurs i Bergen opp gjennom åra, og har fått gode skotsmål.

– «Mindfulness» har sitt opphav i den buddhistiske tradisjonen, og kan sporast fleire tusen år tilbake i tid. Den vanlegaste omsetjinga av Mindfulness er oppmerksamt nærvær. Det er akkurat dette det handlar om. «Mindfulness» handlar om å vere til stades i kvardagen. Det handlar om å frigjere oss sjølve frå tankane våre om både fortid og framtid, og i staden kople oss på augneblinken, noet, seier Linda Elin Aase.

– Må kjenne etter

Aase fortel at ein ved å utføre fleire ulike øvingar kan lære seg å redusere stress i kvardagen.

– Og det er akkurat dette eg ønskjer å lære dei som blir med på kurset. Vi er som individ nøydde til å bli meir medvitne kring kva som går føre seg på innsida. Vi må kjenne etter korleis vi eigentleg har det. Vi må lære oss å akseptere kven vi er og korleis vi har det før vi kan kome oss vidare.

Aase meiner teknikkane ein lærer gjennom dei ulike øvingane er nyttige.

– Det kan vere hendingar i fortida som plager oss, eller noko i framtida vi uroar oss for. «Mindfulness» er noko ein må erfare. Ein kan ikkje lese om det i ei bok og plutseleg vere utlært. «Mindfulness» er eit verktøy for sjølvhjelp som eg meiner mange kunne hatt godt av å kjenne til, seier Linda Elin Aase og legg til:

– Nyare hjerneforsking viser at det å trene den opne og fokuserte merksemda systematisk gjennom «Mindfulness», styrkjer aktiviteten i dei områda i hjernen som vi nyttar når vi planlegg og tek gjennomtenkte avgjersler.

Mewinn Coaching starta opp i Ulsteinvik tidlegare i år, og drivar Winnie Støylen fortel at ho har godt med arbeid.

– Det er eit spanande felt å operere innan, og ikkje minst givande, seier ho.

Winnie Støylen i Ulsteinvik-baserte Mewinn Coaching samarbeider med Bergen Stressmestringssenter og Linda Elin Aase om å arrangere kurshelg i «Mindfulness» førstkomande helg. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.