(NPK): Det syner eit nytt forskingsprosjekt frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (Nifes).

– Forskinga vår opnar for at butikkane kan få jamn tilgang på torsk av beste kvalitet gjennom heile året. Det seier forskar Irja Sunde Roiha ved Nifes i ei sak på heimesidene deira.

Roiha har leidd eit forskingsprosjekt der ein har sett på ulike metodar for tining av torsk, og kva metode som gir best resultat.

Fryst ned før dødsstivheit sette inn

Metoden som ifølgje forskingsprosjektet verkar best, er handtere fisken skånsamt når han blir fanga, fryse han om bord rett etter fangsting og sidan tine han kontrollert.

Torsken ein brukte i forsøka blei fryst ned før dødsstivheit sette inn. Dødsstivheit påverka difor ikkje kvaliteten på fisken. I forskingsprosjektet fann ein òg ut at tining av fisken skjer best i vatn med luftbobler.

Når det gjeld temperaturen på vassbada der ein tinar fisken, viste forsøka liten skilnad.

Forskingsprosjektet har vore leidd av Sintef og er eit samarbeidsprosjekt mellom Nifes, Sintef, MATIS og NTNU