Karina Pieroth, også ho frå Ulsteinvik, gjekk ut av konkurransen sist fredag, og denne fredagen var Kaja Rode i aksjon.

I den siste av i alt fire duellar direktesendt på TV2 framførte Rode ein gnistrande flott versjon av "I'm every woman" av Chaka Khan, som i si tid blei gjort kjent av Whitney Houston.

August Dahl framførte "Want To Want Me" av Jason Derulo, og vart til slutt ropt opp som det norske folk sin favoritt. Kaja er kanskje ute, men imponerte både dommarane og publikum stort gjennom hennar reise i The Voice.