Spørjetimen Knut Kleiven frå Høgre vil diskutere Spørjetimen på neste møte i formannskapet. 
            (Foto: Arkiv/Jorulf Myrene.)

Spørjetimen Knut Kleiven frå Høgre vil diskutere Spørjetimen på neste møte i formannskapet. Foto: Arkiv/Jorulf Myrene.

Kleiven vil diskutere spørjetimen

Høgrepolitikar Knut Kleiven i Ulstein vil ha ein gjennomgang av reglane for spørjetimen i kommunestyret.

I eit lesarinnlegg i dagens avis skriv Kleiven at han vil ta opp saka på neste møte i formannskapet tysdag 7. november. Han trur på stor oppslutnad frå dei andre politikarane.

Kleiven viser til det som skjedde på sist kommunestyremøte, då det vart stilt spørsmål om Ulstein kommune har eit demokratiproblem.

– Slik ordet var ført og styrt kan spørjetimen, eit sterkt demokratisk verkty, no framstå som ein arena for åtak på andre representantar i salen, utan at den angrepne part har høve til å forsvare seg, skriv Kleiven i lesarinnlegget.


Innlegget til Knut Kleiven:

Som tidligare nevnt i desse spaltene av fleire og også av redaktør på leiarplass så tok spørjetimen i førre møte i Ulstein kommunestyre ei uventa  vending. Som representant og tilhøyrar i salen har eg reflektert mykje over dette i ettertid.

Slik ordet var ført og styrt kan spørjetimen, eit sterkt demokratisk verkty, no framstå som en arena for åtak på andre representantar i salen, utan at den angripne part har høve til å forsvare seg. Ordføraren karaktriserte i møtet ikkje dette som et åtak på ein representant i salen men det var akkurat det dette var, sogar det kraftigaste eg har høyrt gjennom mine 6 år i lokalpolitikken.

Men isolert sett var spørsmålet frå representant Kaldhol absolutt på sin plass og forma og innhaldet i det var eksemplarisk. Det er påstandar om at  dei demokratiske verdiane i Ulstein kommune er under press – kva andre stadar er det meir naturleg å ta opp enn i Ulstein kommunestyre? Men ramma for å ta opp dette slik det vart gjort var ikkje den rette. Ordføraren visste kva som kom men gjorde ikkje noko med det under styringa av ordskiftet.

Regelverket for spørjetimen er i beste fall uklart og det er min klare formeining at det vart utvist manglande skjønn i styringa av ordskiftet. Ei hending som dette, der en som folkevalgt representant kan oppleve å kome under åtak uten høve eller sjans til å forsvare seg, kan vi ikkje tillate igjen i Ulstein kommunestyre. Det skremmer vatnet av folk som i framtida kan tenkje seg å engasajere seg politisk. Vi treng alle desse engasjere menneska, ikkje støyte dei frå oss.

Underteikna vil i førstkomande formannskapsmøte ta til orde for en gjennomgang av reglane for spørjetimen. Ikkje for å begrense ytringsfridomen men for å kanalisere rett spørsmål til rett fora med dei rette rammene for debatt. Eg trur på stor tilslutning i formannskapet for dette om dette. Eg reknar med utvalet vil ta vare på engasjement, ytringsfridom og vere med å legge premissar for et godt ordskifte.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: