Gler seg Messenemnda i Bigset skulekorps, Harald Bigset (f.v.), Kristian Fuglseth, Renate Røyset Lillebø og Laila Bjåstad.
            (Foto: Bigsetmessa.)

Gler seg Messenemnda i Bigset skulekorps, Harald Bigset (f.v.), Kristian Fuglseth, Renate Røyset Lillebø og Laila Bjåstad.Foto: Bigsetmessa.

Bigsetmessa går av stabelen i helga:

– Velkomen til Bigset

Messenemnda fortel at Bigsetmessa 2017, den 27. i rekkja, blir av det innhaldsrike og spanande slaget.

Årets utgåve av den tradisjonsrike Bigsetmessa går av stabelen 11. og 12. november. Bigset skulekorps har arrangert mat-, kunst- og kulturmesse i 27 år.

– Etter oppstarten i 1990 har denne messa vore eit friskt tilskot til kulturaktivitetane i Hareid kommune på hausten. Det har også vore eit flott høve for alle dei som driv hobbyverksemd, dei som lagar lokalmat og dei som lagar brukskunst. Det har blitt ein tradisjon for mange å fare innom Bigsetmessa i ei elles travel førjulstid, og før farsdag, seier Kristian Fuglseth til Vikebladet Vestposten.

Han og dei andre i messenemnda, Harald Bigset, Renate Røyset Lillebø og Laila Bjåstad, jobbar no på spreng for å få alt i orden før 11. november.

– Vi har også med oss mange svært flinke foreldre, som står på som berre det for å gjere det mogleg å arrangere ei flott messe også i år, seier Fuglseth.

For tradisjonen tru blir Bigsetmessa arrangert til inntekt for å sikre drifta av Bigset skulekorps.

– Dette er ein veldig fin måte å samle bygda på. Det er eit sosialt fellesskap som ønskjer å utrette noko saman. Vi er veldig glade i skulekorpset vårt, og ønskjer at det skal halde fram. Korpset treng denne messa for å halde oppe aktiviteten, seier Kristian Fuglseth og legg til:

– Vi er veldig heldige som har mange utstillarar som har denne messa som ein fast del av programmet sitt på hausthalvåret.

Mange utstillarar

Det er bra variasjon blant utstillarane på årets messe, fortel messenemnda. Bigsetmessa er ein skikkeleg haustmarknad der buene bognar av innhausta grøder som er sylta, safta, salta, spekt og steikt.

– Det skal vere full variasjon. Alt av bøker, kunst- og kulturvarer gjer at mange får unna gåvene i god tid før advent og den hektiske tida før jul, fortel Renate Røyset Lillebø og Laila Bjåstad i messenemnda til skulekorpset på Bigset.

Over 30 lokale matprodusentar, brukskunstnarar med tekstilar, ull og strikk og målarar, forfattarar og treskjerarar tilbyr farsdag- eller julegåver heile laurdagen og søndagen på Bigset.

Variert underhaldning

Laurdagen opnar messa allereie på formiddagen. Messenemnda fortel at dei første som går på scena er mini- og barnekantoriet og vaksenkoret Vox Virorum som saman med ordførar Anders Riise (H) står for den offisielle markeringa av Hareid sitt 100-årsjubileum. Her blir det også ein presentasjon av 100-årsboka om Hareid kommune, forfatta av Asle Geir Johansen.

– I tillegg vil Ingunn Røyset presentere si nye bok «Brevet frå krigen» og samtale med Jorun Waage som har vore inspirasjon og tidsvitne til mange av dei dramatiske hendingane i boka. Jorun Emilie Holm, som ho heitte den gongen, var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg.

Korps- og kormusikk

Alle korpsa i Hareid kommune er inviterte, pluss nokre kor. Tryllekunstnar Tico Magic kjem også, og skal ifølgje messenemnda halde eit forrykande show.

– Han har sagt at han kanskje vil røpe nokre av triksa sine som han brukar å lære bort på trylleskulen, seier Kristian Fuglseth.

Som også anbefaler å få med seg Kristian Fjellanger, som les høgt frå boka si «Samir og den lange reisa».

Gunnar Myklebust blir også til stades og signerer boka si om Ragnar Ulstein.

– Velkomen til Bigset, seier messenemnda til slutt.

Kan vinne gratis bil

Kristian Fuglseth i messenemnda kan oppdatere med at Bilhallen i Ulsteinvik har ønskt å sponse Bigsetmessa med ein flott gevinst, der alle som løyser billett er med i trekninga. Vinnaren kan nemleg vinne ein miljøvenleg bil i ei veke.

Bigset skulekorps Dette biletet er frå då Bigset Skulekorps opna fjorårets Bigsetmesse. Tradisjonen tru opnar korpset messa også i år. 
            (Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.)

Bigset skulekorps Dette biletet er frå då Bigset Skulekorps opna fjorårets Bigsetmesse. Tradisjonen tru opnar korpset messa også i år. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: