Rådmannen i Ulstein kommunen har no lagt fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2018–2021. men det er ikkje sikkert at det blir sånn som han foreslår.

Ungdomsrådet er faktisk dei første som skal diskutere saka, måndag 6. november. Dagen etter er det Ulstein formannskap sin tur. Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne levekårsutvalet har møte onsdag 8. 11. og teknisk utval torsdag 9. 11.

Formannskapet skal diskutere budsjettet og økonomiplanen på heile tre møte (7., 13. og 28. november).

Etter formannskapet sitt møte 28. november blir tilrådinga frå dei lagt ut til offentleg ettersyn.

Til slutt er det Ulstein kommunestyre som gjer endeleg vedtak den 14. desember.