Det vert spennande tider i dei to kommunane våre no framover.

I Ulstein la rådmannen denne veka fram sitt forslag til budsjett for 2018 og økonomiplan for dei neste fire åra. I neste veke får vi vite kva rådmannen i Hareid vil prioritere i budsjett og økonomiplan. Så er det politikarane i dei to kommunane som til slutt må bestemme kva det skal brukast pengar på og kva det ikkje skal brukast pengar på.

«Framtida bankar på døra» skriv rådmann Verner Larsen i innleiinga si til politikarane i Ulstein. Han held fram: «Kommunane står overfor dei same utfordringane som industrien når dei skal auke produksjonen med færre tilsette og produsere raskare.»

Det er bakteppet når dei folkevalde skal diskutere og vedta pengeprioriteringa. Ingen må vere i tvil om at dette er ei svært krevjande oppgåve. Også denne hausten har kommunen sett på bremsene: vikarstopp, innkjøpsstopp og sparetiltak i alle sektorar. Ulstein kommune har høg gjeld, også i nasjonal samanheng. Ingen veit kva den endelege prislappen vert på Ulstein Arena, heller ikkje dei årlege driftsutgiftene. Barne-skulen i sentrum er for liten, det skal byggast ny brannstasjon og Skeide skal få nytt byggefelt. I tillegg er skatteinngangen usikker.

Det er difor ikkje overraskande at rådmannen ikkje har funne plass og pengar til den planlagde nykyrkja i den neste fireårsperioden. Kommunen treng inntekter, ikkje fleire utgifter.

I kommunebudsjettet for neste år ligg også eigedomsskatt, som dei folkevalde til no har klart å unngå. Det vert spennande å sjå om politikarane nok ein gong vrir seg unna denne inntektskjelda.