– Dette blir veldig spanande. Eg har bra med sommarfuglar i magen. No er det siste innspurt, seier Mona Iren Augenæs til Vikebladet Vestposten.

Ho blei tilsett som ny biblioteksjef ved Ulstein Folkebibliotek i 2015, då ho tok over for Ann-Mari Harkjerr. Ho har vore prosjektleiar for det nye biblioteket, og saman med Audun Hopland, som er prosjektleiar i kommunen, møtte ho lokalavisa til ein prat like ved det som blir dei nye lokala til biblioteket i første etasje i Ulstein Arena.

– Det står att litt arbeid før vi kan seie oss nøgde for opningsdagen. No går det meste i korleis vi skal organisere transport av alle bøkene, lydbøkene, filmane og anna som skal over frå gamlelokalet og hit. Sjølve opningsdagen er også eit moment, og det er mykje som skal på plass i høve opninga, seier Augenæs.

Fleire titals kasser med materiell skal som sagt transporterast over til det nye biblioteket og setjast på plass. Samstundes som dette arbeidet går føre seg, driv Mona Iren og kollegaene hennar biblioteket.

– Det er ikkje ope for publikum, men transport av bøker mellom dei ulike biblioteka går som vanleg. Vi får inn nye bøker og materiell, i tillegg til bøker som har vore på utlån. Det er med andre ord litt biblioteksdrift, men ikkje som vanleg, seier ho.

– Sjukt stolt

Biblioteksjefen nyttar gjerne nokre superlativ når ho skal beskrive kjenslene sine kring det nye lokalet.

– Eg er berre så sjukt stolt. Dette blir heilt fabelaktig.

– Vi reiste ein tur til Furuset bibliotek og aktivitetshus i Oslo no på fredag, som har same bibliotekarkitekten som oss, nederlandske Aat Voos. Vi gjekk rundt i lokalet og kika på alle dei flotte løysingane. Mange av dei liknar veldig på dei vi får. Vi såg også kor mykje brukt det biblioteket er, og kor mykje liv det var i lokala. Eg kjente veldig på ei stoltheit over kva vi har klart å få til saman. Dette blir så bra! Det blir ei kjempeoppgradering for innbyggjarane våre, seier Mona Iren Augenæs.

– Ikkje i samsvar med moderne biblioteksdrift

Augenæs vedgår at det blir trist å måtte forlate Bjørndals Minne. Biblioteket har halde til der dei siste 38 åra. Men, ho meiner det samstundes er eit heilt naudsynt skifte.

– Det er sjølvsagt leit, men lokalet er ikkje i samsvar med moderne biblioteksdrift. Ta til dømes at me har hatt ei vindeltrapp for å kome seg opp i andreetasjen, slik dei med rullestol ikkje har hatt moglegheita til å kome seg opp. Det nye lokalet blir universelt utforma, og vil ha langt meir opne og oversiktlege rom, seier bibliotekssjefen.

Stort engasjement

At det er stort engasjement kring det nye biblioteket er det ingen tvil om. I skrivande stund er ein video laga av Svein Arne Orvik i Ulstein kommune, som blei lagt ut på kommunen si Facebook-side i slutten av oktober, delt og likt svært mange gonger. I videoen oppfordra kommunen innbyggjarane til å kome med innspel til aktivitetar.

– Mona Iren og eg har sett gjennom kommentarane, og svart på dei fleste av dei. Talet på tilbakemeldingar viser veldig godt kor stort engasjementet og kor stort behovet er for ein slik samlingsplass i Ulsteinvik. Eg trur faktisk ikkje det er ei einaste frivillig gruppe i Ulsteinvik som ikkje har gitt tilbakemelding til oss. Det er mange som ønskjer å nytte biblioteket, og som ser gode moglegheiter for ulike aktivitetar, seier Audun Hopland.

Han fortel at det ved opning av liknande bibliotek har både fem- og seksdobla seg med besøkande i forhold til det gamle.

– Biblioteket er tilrettelagt for å brukast til mykje forskjellig. Vi gler oss til opning, og gler oss til korleis biblioteket utviklar seg vidare, seier Mona Iren Augenæs og Audun Hopland.