Første brygget fann stad for 2,5 år sidan. Mange brygg seinare har drivarane av Grim & Gryt Økobryggeri innsett ein ting eller to.

– Det er ein kombinasjon av fleire ting som gjer at vi no treng meir kapital for å drive verksemda vidare. For det fyrste har vi nok undervurdert marknaden. Vi har ikkje vore flinke nok til å fylgje opp avtalane våre med grossistane. Vi gjekk inn i to store avtalar no i vinter som var, men det har ikkje gått slik som vi hadde venta, seier drivarane Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad til Vikebladet Vestposten, og legg til:

– Inntektene har stupt, medan utgiftene har heldt seg rimeleg stabile. Då seier det seg sjølv at det no har kome til eit punkt der vi er nøydde til å hente inn meir kapital for å ta nye steg.

Dei fortel at behovet er på rundt éin million kroner for å få bryggeriet over kneika.

– Men det aller viktigaste for oss er at bryggeriet overlever.

– Har gjort fleire grep

Om ikkje ein tøff marknad skulle vere nok, har også produksjonsuhell med overkarbonering gitt drivarane mykje hovudbry.

– Vi har ikkje hatt eit einaste tilfelle av dette under årets produksjon, men det heng nok litt igjen hos folk. Vi har gjort fleire grep sidan, inkludert det med overkarbonering. No er vi klare med ein god plan for framtida, men vi treng som sagt kapital for å kome oss vidare med satsinga, seier dei.

Meir fokus på sal

Grim & Gryt har i dag distribusjonsavtalar med Spesialgrossisten og H.I. Giørtz. Dette er distributørar, men når det gjeld sal har ikkje satsinga vore god nok, seier drivarane.

– Om vi kjem oss over denne kneika blir det eit langt større fokus på sal. Der har vi ikkje vore flinke nok. Vi har vore for fokuserte på produksjon, og for lite fokuserte på marknaden. Det er å selje øl som gjer at forretninga går rundt. Også lokalt har vi eit arbeid å gjere, for det har vore sviktande sal.

Torsdag i førre veke kom nyheita frå Trondheim om at gravitasjonsbryggeriet To Tårn går til skifteretten.

– Det er nettopp noko slikt vi vil unngå, seier dei til slutt.

Øyvind Grimstad Gryt (t.v.) og Andreas Grimstad i lokala til økobryggeriet på Hareid. Dette biletet er frå eit tidlegare høve. Foto: Arkiv/Ragnhild Vartdal.