Onsdag vert ei tospråkleg diktsamling lansert på Norli bokhandel på Amfi i Ulsteinvik.

«Glimt av opphav – glims o origin» er ei samling på rundt 40 dikt av den shetlandske diktaren Christine De Luca og dikta kan lesast på originalspråket, shetland dialect og i Odd Goksøyr si omsetjing til nynorsk.

– Dikta hennar er på eitt vis enkle og tilgjengelege og svært konkrete. I motsetnad kanskje, til Robert Bly som eg har arbeidd med tidlegare, seier Odd Goksøyr.

Han fortel vidare at De Luca oppteken av tid, historia som går sin gang og samanhengen mellom dei som lever no og dei som har levd før oss.

– Det er elles mykje natur i tekstane hennar, mykje lukt, lyd og luft. Biletbruk og språk er ein del av min eigen oppvekst, seier han.

Det var Øystein Orten som kom i kontakt med De Luca då han arbeidde med boka «Himmelen og Shetland» for nokre år sidan.

Saman med kompis og samtalepartnar Orten var han i sommar på rundreise på Shetland.

– I løpet av denne reisa fekk eg ei enda betre forståing av mange av dikta til De Luca, fortel Odd Goksøyr.

Den nye boka er faktisk utstyrt med eit kart over Shetland. Mange av dikt er geografisk knytt til stader på øygruppa og tanken er å gjere det enklare for den som av ein eller annan grunn vil reise i diktaren sine fotefar.

I tillegg til dikta og kartet inneheld boka også utfyllande tekstar både av Odd Goksøyr og Øystein Orten som gir ein djupare innsikt i både lyrikaren De Luca, det shetlandske språket, landskapet og motiva i tekstane.

Den første diktsamlinga til Christina De Luca kom i 1994 og «Glimt av opphav – glims o origin» femnar om heile produksjonen hennar, frå 1994 og fram til dikt som enno ikkje er publiserte.

Dei fleste dikta, på eitt nær, er omsette frå såkalla shetland dialect.

– Målet har vore å gjenskape noko som gir lesaren den same kjensla som dikta gir på originalspråket, både når det gjeld sjølve rytmikken og dei indre bileta dei skaper, seier Goksøyr.

Boka vert gitt ut på Ura Forlag av Jan Ove Ulstein som tidlegare også har gitt ut Odd Goksøyr sine omsetjingar av Robert Bly