Ekspedisjonsfartøy: Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic. Illustrasjon: Ulstein Group.

Ekspedisjonsfartøy: Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic. Illustrasjon: Ulstein Group.

Ulstein skal bygge polarfartøy for Lindblad Expeditions

Tysdag kalla Ulstein Group inn til ei pressekonferanse i Ulsteinvik. På førehand var det ikkje kjent kva som var tema for pressekonferansen, men ifølgje ei pressemelding frå Lindblad Expeditions Holding Inc. har Ulstein verft fått i oppdrag å bygge eit polar-ekspedisjonsskip. Skipet skal vere ein del av deira Lindblad Expeditions-National Geographic-flåte. Det er også Ulstein som står for design på fartøyet som får den velkjende X-Bow'en.

Sjå video frå pressekonferansen på vår Facebook-side

Ifølgje pressemeldinga, publisert på prnewswire.com, skal fartøyet leverast i løpet av første kvartal 2020. Det er også teikna ein opsjon på ytterlegare to skip.

Fartøyet skal ifølgje pressemeldinga vere designa som den ultimate ekspedisjonsplattforma, der fokuset ligg på både tryggleik og komfort, samstundes som ein har tatt i bruk innovative løysingar for å gjere skipet meir miljøvenleg.

- Vi er utruleg glade for å jobbe med Ulstein og deira strålande team av ingeniørar og designarar på dette toppmoderne fartøyet, når vi held fram med å utvide vår flåte. Dette er neste steg i selskapets langsiktige vekst, og vil vere det mest ekstraordinære globale ekspedisjonsskipet i verda på ei rekke nivå, seier Sven Lindblad, president og konsernsjef i Lindblad.

Også Ulstein Group er sjølvsagt svært nøgde med at Ulstein verft skal bygge det nye fartøyet.

- Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.

Fartøyet har høgaste komfortklasse for passasjerane for å sikre eit roleg og fredeleg miljø om bord. Dei 69 romslege gjestelugarane og suitene femner også om tolv lugarar for enkeltreisande. Spa- og treningsområda inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslapningsområde og yogarom, og to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen. Mattilboda omfattar ein hovudrestaurant med eineståande utsikt, grill- og bistroområde.

- Ekspedisjonscruisa våre, som vert gjennomført gjennom alliansen vi har med Lindblad Expeditions, har gitt gjestane våre eventyrlege opplevingar gjennom 13 år, seier Nancy Schumacher, leiar for Travel and Tour Operations i National Geographic. – Utvidinga av Lindblad-National Geographic sin flåte er ei fantastisk nyheit, det gir oss høve til å tilby desse ugløymelege turane til endå fleire reisande i framtida. Vi gler oss med partnaren vår, Lindblad Expeditions, i lanseringa av det siste tilskotet til Lindblad-National Geographic-flåten.

Kontrakten, med levering av eitt fartøy og opsjonen på to til, blir tysdag ettermiddag stadfesta av Ulstein, både under pressekonferansen og i ei eiga pressemelding.

- Den er berekna til om lag 125 passasjerar. Det er ein stor båt sett i forhold til talet på passasjerar og det er det ein kan kalle eit luksus-ekspedisjonsfartøy, seier Kristian Sætre som er direktør ved Ulstein verft.

Han legg til at dette har vore ei strategisk satsing for verftet, der ein har ønskt å omstille frå offshoremarknaden til mellom anna cruisemarknaden.

- Det har vore hardt arbeid over lang tid. Dette kjem ikkje av seg sjølv og ein manlgar ikkje konkurrentar i marknaden. Dette er ein marknad også dei andre store norske verfta satsar på, seier Sætre.

Følg med på Vikebladet.no for meir om kontrakten.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: