Støtte Gunn Berit Gjerde (V) fortel at Venstre og KrF vil stå saman for å hindre varsla kutt i støtta til folkehøgskulane.
            (Foto: Arkiv.)

Støtte Gunn Berit Gjerde (V) fortel at Venstre og KrF vil stå saman for å hindre varsla kutt i støtta til folkehøgskulane.Foto: Arkiv.

Vil oppretthalde folkehøgskule-støtte

Venstre og KrF vil i sitt framlegg til alternativt budsjett gå inn for å redusere regjeringspartia sitt varsla kutt i støtta til folkehøgskulane med 25 millionar kroner.

Samstundes vil dei setje av 23 millionar kroner til 11 månaders studiestøtte for folkehøgskuleelvar, noko som vil kome andreårselevar ved folkehøgskulane til gode.

– Det er viktig at vi sikrar dette skuletilbodet. Mange unge nyttar gjerne eit år på folkehøgskule for å tenke seg om, og dette gir totalt sett ein samfunnsøkonomisk gevinst, meiner Gunn Berit Gjerde, fylkespolitikar for Venstre i Møre og Romsdal og varafylkesordførar.

Ho fortel at Venstre og KrF vil støtte kvarandre i denne saka når dei no skal i forhandlingar med regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet om neste års budsjett.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: