Bilbrann på Leikongeidet

Herøy brannvesen var raskt på staden og sløkte brannen.

Bilbrannen var sløkt etter kort tid.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Nyhende

Klokka 23:11 onsdag kveld melde Møre og Romsdal 110-sentral om ein bilbrann på Leikongeidet via sin Twitter-konto.

Brannvesenet frå Herøy var raskt på staden, og fekk sløkt brannen. Det blei ikkje meldt om nokon form for personskade som følgje av brannen.

Trafikken blei dirigert forbi av brannvesenet på staden.