Smilande politisjefar Denne kvartetten kunne onsdag markere av Vanylven ikkje lenger er del av Sogn og Fjordane, men ein del av Møre og Romsdal politidistrikt. Frå venstre ser ein Guttorm Hagen som er driftseiningsleiar i nye Geografisk driftseining Søre Sunnmøre, lensmann i Vanylven, Tor Sæther, Tormod Hvattum,  regionlensmann i Nordfjord og Arne Johannesen som er ny geografisk driftseiningsleiar for Sogn og Fjordane.
            (Foto: Møre og Romsdal politidistrikt.)

Smilande politisjefar Denne kvartetten kunne onsdag markere av Vanylven ikkje lenger er del av Sogn og Fjordane, men ein del av Møre og Romsdal politidistrikt. Frå venstre ser ein Guttorm Hagen som er driftseiningsleiar i nye Geografisk driftseining Søre Sunnmøre, lensmann i Vanylven, Tor Sæther, Tormod Hvattum, regionlensmann i Nordfjord og Arne Johannesen som er ny geografisk driftseiningsleiar for Sogn og Fjordane.Foto: Møre og Romsdal politidistrikt.

Vanylven lensmannsdistrikt:

Kjem heim til Møre og Romsdal

I dag går Vanylven over til Møre og Romsdal politidistrikt.

Tidlegare har Vanylven lensmannsdistrikt vore del av Sogn og Fjordane. No kjem dette tilbake til heimfylket og Møre og Romsdal politidistrikt. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

- Overgangen skjer i samband med at det blir ein ny felles operasjonssentral i Vest politidistrikt. Operasjonssentralen i Florø i tidlegare Sogn og Fjordane politidistrikt vert nedlagd. Våre naboar køyrer med andre ord denne veka same opplegg som vi gjennomførte i september i vårt politidistrikt, skriv politidistriktet i pressemeldinga.

- Det er lensmannskontoret her i Vanylven og i alt fire årsverk som formelt kjem over til Møre og Romsdal politidistrikt. Endringa skal ikkje merkast på tenestene som vert levert ute, med unntak av ein forventa reduksjon på passtenesta i dag. For oss som tilhøyrer kontoret vil endringa fyrst og fremst skje gjennom ein ny veg å rapportere på og nye myndigheitsliner. Det gode vaktsamarbeidet med Nordfjord held fram, seier lensmann Tor Sæther.

Overføringa til nytt distrikt vert markert onsdag ettermiddag ved Vanylven lensmannskontor. Vertskap er lensmann Tor Sæther og dei tre andre som er tilknytta kontoret. Til markeringa kjem Guttorm Hagen som er driftseiningsleiar i nye Geografisk driftseining Søre Sunnmøre. Tilstades vert også Arne Johannesen som er ny Geografisk driftseiningsleiar for Sogn og Fjordane saman med Tormod Hvattum som er regionlensmann i Nordfjord.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: