Både i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande gjekk talet på omsette eigedomar kraftig opp i oktober samanlikna med månadane før.

Som i heile år er det Herøy kommune som har største talet på tinglysingar i løpet av månaden, men der det var 31 eigedomar som skifta eigar i september, er talet 41 i oktober.

Også i Ulstein går ein klart fram. Frå 17 eigedomstransaksjonar i september til 32 i oktober. Og dette er ein tendens som held fram i både Hareid og Sande.

I Hareid går ein nemleg frå ni i september til 17 omsette eigedomar i oktober, medan tala for Sande var sju i september og 11 no i oktober.

Totalt går ein dermed frå 64 eigedomstransaksjonar i september til 102 i oktober.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.