Frå oppstartsmøtet med Fugro. Frå venstre ser ein Jørn Arve Hasselø (Statens vegvesen Region midt), Petter William Andersen (Fugro Norway), Jon Hermstad (Dr. Techn. Olav Olsen), Magne Gausen (Statens vegvesen Region midt), Dag S. Stensholt (Fugro Norway), Carl Fredrik Forsberg (NGI) Rolf Mære (Aas Jakobsen Trondheim), Trond By (Fugro Norway) og Therese Mathisen (Fugro Norway).
            (Foto: Statens vegvesen.)

Frå oppstartsmøtet med Fugro. Frå venstre ser ein Jørn Arve Hasselø (Statens vegvesen Region midt), Petter William Andersen (Fugro Norway), Jon Hermstad (Dr. Techn. Olav Olsen), Magne Gausen (Statens vegvesen Region midt), Dag S. Stensholt (Fugro Norway), Carl Fredrik Forsberg (NGI) Rolf Mære (Aas Jakobsen Trondheim), Trond By (Fugro Norway) og Therese Mathisen (Fugro Norway).Foto: Statens vegvesen.

Kontraktsverdi på 75 millionar kroner:

No skal grunnforholda i Sulafjorden undersøkast

Statens vegvesen Region midt har inngått kontrakt med Fugro Norway AS for marine grunnundersøkingar i Sulafjorden, Halsafjorden og Vartdalsfjorden. Arbeidet tek til i desember.

Kontrakten er verdt rundt 75 millioner kroner. Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Føremålet med oppdraget er å skaffe eit naudsynt grunnlag for prosjektering av nye fjordkryssingar over dei nemnte fjordane. Dei føreslåtte brutraseane over fjordane kan få fundament på djupner inntil 500 meter. Med slike forhold lagt til grunn krevjast det spesialutstyr for å skaffe nøyaktig informasjon om grunnforholda. Oppdraget omfattar ifølgje Statens vegvesen både geofysiske undersøkingar, lette geotekniske undersøkingar og prøvetaking i dei tre fjordane.

To fasar

Oppdraget er delt opp i to følgjande fasar:

Fase 1 omfattar geofysiske undersøkingar (batymetri, seismikk, sidesøkjande sonar) og innleiande geotekniske undersøkingar som cone penetration tests (CPTU). Denne fasen vil gi vegvesenet ei oversikt over geotekniske forhold på sjøbotnen i større område på fjordane og vil gi svar på om dei føreslåtte traseane for bruene er eigna for dei føreslåtte brukonsepta. Denne fasen tek til i desember.
           
Fase 2 omfattar detaljerte geotekniske undersøkingar med boring på sjøbotnen. Desse undersøkingane vil bli utført ved dei aktuelle stadane der fundamenta er planlagd plassert og vil gi detaljert informasjon for utforming og dimensjonering av fundament på sjøbotnen. Planlagd oppstart er i august 2018.

Her er eit av skipa som skal gjennomføre undersøkingane.

Her er eit av skipa som skal gjennomføre undersøkingane.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: