I førre veke var Leon Romestrand, rektor ved Ulstein ungdomsskule på MOT-camp i Trondheim, der han også var med på oppstartsamling for tilleggsprogrammet «Skulen som samfunnsbyggjar». Her var han saman med rektorar og skuleleiarar frå heile Norge. Skuleleiarane blei i løpet av denne MOT-campen betre kjent med organisasjonen, og korleis MOT tenkjer kulturbygging, verdibasert leiing og kva for element organisasjonen vektlegg i tilleggsprogrammet sitt.

Deltakarane fekk ifølgje MOT betre kjennskap til tre aspekt; å skape godkjensla, ha bakgrunnsforståing og å praktisere tøff kjærleik.

– «Skulen som samfunnsbyggjar» bidreg med eit universalverktøy som kan brukast både mot barn, ungdommar, lærarar, foreldre og leiarar. Det bidreg til at vi blir betre på å sjå kvarandre og å skape kulturar der alle er inkludert. Målet er fellesforstått ansvar, seier leiaren for tilleggsprogrammet til MOT, Bjørg-Elin Moen.

Skulen er ein viktig arena

Moen meiner skulen er ein viktig arena av mange grunnar.

– Det er mange barn som veks opp utan noko form for nettverk og trygge vaksenpersonar rundt seg. Då blir skulen den viktigaste arenaen for å nå dei borna som er utanfor. Skulen er den viktigaste arenaen for å redusere risikofaktorar, eller forsterke positive faktorar for unge menneske. Det er her vi vil skape kulturar der alle er inkludert, seier Moen.

Bratseth har trua

Ein av føredragshaldarane på MOT-camp, Rune Bratseth, heldt også føredrag for leiarar og andre i Ulstein for nokre veker tilbake. Han er styreleiar i MOT og tidlegare landslagskaptein. I sitt føredrag trekte han fram eigne erfaringar frå leiing, og la heller ikkje skjul på at han har stor tru på MOT sitt nye tilleggsprogram.

– Eg trur på programmet, fordi på skulen er alle innom og der formar ein dei framtidige samfunnsborgarane. Det er arenaen kor moglegheita er størst for å utvikle robust ungdom, som inkluderer alle. MOT er med på å utgjere ein forskjell for å bygge eit varmare og tryggare samfunn, seier Bratseth.

Rune Bratseth var på besøk på Ulstein rådhus for nokre veker tilbake, og heldt eit spanande føredrag. Foto: MOT Ulstein.