(Møre-Nytt): Uvêret vil gjere seg mest gjeldande ved Stad natt til torsdag.

- Det vil vere sørleg full storm langs heile kysten og det kan vere vi får vindstyrke opp i orkan ved Stad, seier statsmeteorolog Martin Granerød til yr.no.

Orkan kan gi store øydeleggingar på land.

Granerød fortel til yr.no at det er eit stormsenter som vert danna sør for Island, og at dette vil treffe Vestlandet natt til torsdag. Det vil då verte sørleg liten storm utsette stader, og full storm på kysten i nord. På natta vil det vere sørleg full storm langs heile kysten.

Vinden får også selskap av regn.

Torsdag skal det bøtte ned i Ørsta, og det er meldt opp mot liten kuling i morgontimane torsdag.

Om Møre og Romsdal seier meteorologane: Sørleg sterk kuling utsette stader, opp i liten til full storm utsette stader på Sunnmøre. Tidleg torsdag morgon, kortvarig sørvest liten til full storm langs heile kysten. Etter kvart regn. Frå torsdag ettermiddag vest og sørvest sterk kuling. Regnbyger eller haglbyger, snøbyger over 500-700 meter. Om kvelden over 300-600 m lengst nord. Frå om ettermiddagen utrygt for torden.

Denne saka blei først publisert på Møre-Nytt sine sider.