Bjørndalvegen Park Slik ser Rome AS føre seg Bjørndalvegen Park, tre blokker med opp i mot 50 leilegheiter og godt med parkeringsplassar, både private og kommunale, i dei to etasjane under (ei under parken i bakkant). 
            (Foto: Sporstøl Arkitekter AS.)

Bjørndalvegen Park Slik ser Rome AS føre seg Bjørndalvegen Park, tre blokker med opp i mot 50 leilegheiter og godt med parkeringsplassar, både private og kommunale, i dei to etasjane under (ei under parken i bakkant). Foto: Sporstøl Arkitekter AS.

Rome AS:

– Bjørndalvegen Park er i rute

Rome AS fortel at så snart Hydro-tomta er rydda, er det klart for bygging.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive at Rome vil byggje opp i mot 50 leilegheiter fordelt på tre blokker i Bjørndalvegen. Prosjektet har fått namnet Bjørndalvegen Park. Leilegheitene, som blir på alt ifrå 35 kvadratmeter til rundt 120 kvadratmeter, med prisar frå 1,5 millionar kroner og oppover, får vassboren varme levert av Ulstein Fjernvarme, og høg standard med val av vedlikehaldsfrie material.

Eigedommen vil dessutan få ein eigen trappeportal som leier til parken som blir laga til bak leilegheitene, ein park som får namnet Bjørndalparken, derav namnet på prosjektet.

– Det har gått lenger tid enn vi hadde venta, men no er vi i rute. Vi byrjar å bygge så raskt som råd, etter at YX har rydda tomta, seier Jogeir Romestrand i Rome AS.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: