Folket sitt liv: - No har Hareid kommune fått si nyare historie, breitt og levande framstilt. Med mange detaljar, men godt fortalt og med ein raud tråd, kommenterer leiar Finn Sinre Eliassen (t.v.) i Hareid Historielag, som også har lese korrektur på boka. Her saman med forfattar Asle Geir Widnes Johansen. Komande laurdag presenterer forfattaren boka under Bigsetmessa.
            (Foto: Anne Gry Eilertsen)

Folket sitt liv: - No har Hareid kommune fått si nyare historie, breitt og levande framstilt. Med mange detaljar, men godt fortalt og med ein raud tråd, kommenterer leiar Finn Sinre Eliassen (t.v.) i Hareid Historielag, som også har lese korrektur på boka. Her saman med forfattar Asle Geir Widnes Johansen. Komande laurdag presenterer forfattaren boka under Bigsetmessa.Foto: Anne Gry Eilertsen

100-årsboka er komen

Tysdag kom 2,3 tonn bøker frå trykkeriet i Latvia. Hareid kommune si 100-årshistorie er i sal hos lokale bokhandlarar frå i dag, torsdag.

I 2017 er det 100 år sidan Hareid skilde lag med Ulstein og vart eigen kommune, og desse åra har det no blitt bok av. Forfattar er Asle Geir Widnes Johansen, og utgjevar er Hareid Historielag. Boka er på 600 sider med rein tekst, og 80 sider med bilete.

Widnes Johansen var ferdig med skrivinga i mai 2017, og det siste han skreiv om var rettsoppgjeret etter krigen. Til den bolken har han henta fram mykje dokumentasjon frå Riksarkivet.

Størst i Norge på fiskeri

– Botnplanken i Hareid kommune si 100-årshistorie er fiskarbondesamfunnet. Men fiskarar i Hareid var tidleg ute med å kome seg ut på storhavet, og kommunen utvikla seg til å bli ein sterk fiske- og fangstkommune. Fleire reiarlag investerte i fartøy som dreiv fiske ved Island og Grønland. Pionerperioden starta på slutten av 1800-talet og vart nøkkelen til velstanden i Hareid, kommenterer Asle Geir Widnes Johansen.

På midten av 1950-talet var Hareid den største fiskerikommunen i Norge, med 34 fartøy over 100 fot. Men næringa fekk motgang. Blant anna byrja silda og svikte frå 1957, og ein avviklingsperiode starta. «Flømann», som vart seld på slutten av 1990-talet, vart den siste større fiskebåten i Hareid. Trass i ein stor pengestraum hadde ikkje reiarane tent nok til å investere i nye og moderne båtar.

Kraftfulle kulturdebattar

Forfattaren meiner at eit av særdraga ved Hareid er at det er ein kulturkommune.

– Kultur, kristendom og song har fått brei plass i boka. For meg har det vore viktig å skildre utviklinga. Hareid har ikkje vore ei aude øy, den kulturelle og kristelege utviklinga har gått sin gang. Gjennom lokalavisene og brev eg har fått tilgang til, har eg skildra diskusjonar om kino, dans og oppbygginga av Hareidsstemna. Blant anna vart det på slutten av 1930-talet samla inn 500 underskrifter mot oppstart av kino på Trudvang, fortel Widnes Johansen.

Han understrekar at Hareid på ingen måte har vore ein spesielt pietistisk kommune.

Mykje om næringslivet

Næringslivet, med fiskeindustri, verft, konfeksjonsfabrikkar og mange andre verksemder har fått ein brei plass i boka.

– Hareid har ei spennande historie, med opp- og nedturar. Blant det eg har oppdaga, er kor viktig det er for utviklinga å ha offensive ordførar. Sverre Riise og Einar Holm er blant døma på dette, meiner forfattaren. Boka kjem i eit opplag på 900, og Finn Sindre Eliassen håper ho blir å finne i mange heimar på Hareid.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: