Her ser ein VG sitt kart over dei ulike bruene i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Bruene som er markert med oransj har store skadar, medan dei som er markert med raudt har alvorlege skadar.
            (Foto: Skjermdump/VG.)

Her ser ein VG sitt kart over dei ulike bruene i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Bruene som er markert med oransj har store skadar, medan dei som er markert med raudt har alvorlege skadar.Foto: Skjermdump/VG.

VG med stor kartlegging av bruene i Norge:

Dragsundbrua i svært dårleg forfatning

Ei stor oversikt utarbeidd av VG viser at fleire av bruene på Ytre Søre er i svært dårleg forfatning.

Verdens Gang (VG) fekk i mars innsyn i Vegvesenet sine rapportar for alle bruer på riksvegar og fylkesvegar, i alt 16.971.

Det skriv VG i si omfattande sak. Her er lenkje til kartet avisa har produsert i samband med denne saka. (Eksterne lenkjer). På sistnemnde side kan ein søkje seg fram til kvar enkelt bru.

Vegvesenet sine inspeksjonar skal ifølgje VG avdekke om bruene på riks- og fylkesvegane har alvorlege skader eller akutt behov for vedlikehald.

Vegvesenet har tre typar inspeksjonar, ein hovudinspeksjon som skal gjennomførast kvart femte år, ein enkeltinspeksjon som skal gjennomførast kvart år utanom det det året det er hovudinspeksjon, og til slutt ein generell inspeksjon, med visuell inspeksjon av vegstrekninga. Dei to første typane inspeksjonar skal loggførast, den siste ikkje.

Alvorleg i Hareid og Ulstein

Hareid:

I Hareid finn ein tre bruer med alvorleg skade. Dette er Nessetbrua, Risebrua og Rimabrua i Hareid sentrum.

Nessetbrua manglar ein del av rekkverket, ein kritisk skade (4 av 4, der 4 er dårlegast) som trugar trafikktryggleiken. Dette gir nest høgste grad av konsekvens (3 av 4).

I 2011 skreiv Statens vegvesen i ein rapport at det er 6 meter mellom stolpane på denne brua. I 2016 var situasjonen den same. Vegvesenet påpeikar at dette svekkjer rekkverket betydeleg og at det ikkje tilfredsstiller krava til eit såkalla N2-rekkverk. Her meiner ein det ser ut som at dei opprinnelege rekkverksstolpane er fjerna og nytt rekkverk ikkje har fått nye stolpar. Siste enkeltinspeksjon på denne brua var i 2004, medan siste hovudinspeksjon var i 2011. Her var det registrert ein hovudinspeksjon 6. juli 2016, men den ser ikkje ut til å ha blitt gjennomført. Her er det planlagt ein ny enkeltinspeksjon 30. desember i år.

Risebrua manglar også ein del av rekkverket (skadegrad 4 av 4), noko som også trugar trafikktryggleiken. (Konsekvens 3 av 4).

I 2016 noterte vegvesenet dette om tilstanden til Risebrua:

"Rekkverket er av dårleg kvalitet og styrke, og er i tillegg skada. Trestolpane er støpt ned i kantdrager. Stolpane er skada/sprekt, og kantdrager er skada (avskalling). Styrken på innfesting er svekka. I tillegg er rekkverk for lågt, særleg for syklande." På Risebrua var siste enkeltinspeksjon i 1996, men siste hovudinspeksjon var i 2016.

Rimabrua i Hareid sentrum har skadar/manglar på rekkverket (3 av 4), som trugar trafikktryggleiken. (Konsekvens 4 av 4). Ifølgje Verdens Gang beskreiv Statens vegvesen situasjonen slik i 2016:

"Rekkverk er for lågt. Måling viser 35 cm frå topp asfalt til senter skinne og 50 cm frå topp asfalt til topp skinne. I og med at det er ein del gang-/sykkeltrafikk på veg under bilveg, er konsekvensen høg sjølv om høgde for eventuelt fall med bil ikkje er stor."

Førre enkeltinspeksjon på denne brua var i 2004, medan ein ny er planlagd til 30. desember i år. Førre hovudinspeksjon blei gjort i fjor.

Av bruer med manglande inspeksjon i Hareid finn ein også Hovdebrua, der det også er registrer forseinka tiltak.

Ulstein:

I Ulstein er det Dragsundbrua som er i dårlegast forfatning. Her blir det meldt om skade/mangel på rekkverk, og skade av så alvorleg karakter at den trugar trafikktryggleiken, med høgste grad av konsekvens. I skadegrad får brua 3 av 4, der 4 er verst. Når det gjeld konsekvens for trafikktryggleiken får brua 4 av 4, der 4 er verst.

Dette var beskrivinga Statens vegvesen hadde av tilstanden til brua i 2016: Generelt dårleg rekkverk på brua med dårleg, deformert skada eller svak innfesting av stolpane. Éin bulk i rekkverksskinne oppe på brua, bøygd skinne på eine sida og bøygd rekkverksstolpe på same side.

Sist det blei utført ein enkeltinspeksjon på Dragsundbrua var i 1996. Derimot hadde vegvesenet hovudinspeksjon på brua seinast i 2014. Oversikta til VG viser også at tiltaka som er planlagde er forseinka.

I Ulstein er det utanom Dragsundbrua registrert manglande inspeksjon på Nye Sauneskulverten, Hasundbrua gangbru, Haddal Nedre og Eiksundbrua. Den eine brua utanom Dragsundbrua med forseinka tiltak er Hasundbrua gangbru.

Kritisk i Herøy

I Herøy blir Herøybrua, Stridestraumbrua og Gjertnesbrua trekt spesielt fram.

Når det gjeld alvorleg skade hamnar alle tre innanfor raud kategori, som betyr kritisk. For nærmare informasjon om dei ulike bruene, sjå VG sitt interaktive kart her.

Dragsundbrua er av dei bruene som er i elendig forfatning med tanke på trafikktryggleik og skadar, ifølgje ei stor landsomfattande kartlegging gjort av VG.
            (Foto: Arkiv.)

Dragsundbrua er av dei bruene som er i elendig forfatning med tanke på trafikktryggleik og skadar, ifølgje ei stor landsomfattande kartlegging gjort av VG.Foto: Arkiv.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: