Therese Myrene Aurvåg er designar hos Tegneren i Ulsteinvik.

Logoen vart presentert av kultursjef Leif Ringstad på formannskapsmøtet tysdag.

Aurvåg utdjupar kva som er tanken bak logoen:

– I logoen kan du til dømes sjå bøker som står i ei hylle, det er symjebaner, hyller, takbjelkar, stupebrett og idrettsbane, seier ho.

Aurvåg fortel at ho ser det nye bygget frå kontorvindauget sitt, og at ho også har vorte inspirert av konstruksjonen.

– I tillegg uttrykkjer logoen rørsle og ein dominoeffekt, ei samhandling mellom dei fire aktørane, seier designaren.

Ulstein Arena opnar 2.desember.