Quality Hotel Ulstein får lov til å utvide skjenketida for uteserveringa på nyårsaftan. Det vedtok formannskapet med seks mot ei røyst. Steinar Torvik (KrF) var den einaste som røysta imot.

Han la vekt på at nyårsaftan er ein familiedag og at mange born har problem på grunn av alkoholforbruket til dei vaksne i jule- og nyårshelga.

Ordførar Knut Erik Engh meinte ein time ekstra skjenking ikkje vil påverke edruskapsarbeidet i kommunen.