Bøkene er «Volda Skisenter gjennom 50 år» og «Hareid frå 1917 til 2017 – 100 år som eigen kommune».

Historieboka til Hareid blir lansert under ei tilstelling på Bigsetmessa laurdag. Boka til Volda Skisenter blir lansert underjubileumsfesten i Volda laurdag kveld, heiter det i ei pressemelding.

Volda-boka er gitt ut av Osberget AS, medan Hareids historia er utgitt av Hareid historielag.

- To krevjande, men fascinerande år

- Det har vore to krevjande, men fascinerande bokprosjekt. Eg har lært mykje om Volda gjennom boka om skisenteret. Men først og fremst har eg sett kor viktig det er med eldsjeler og dugnadsinnsats.

Sidan senteret vart starta i 1967, har enkeltpersomnar lagt ned eit ufatteleg gratisarbeid for det dei har brunne for. No får vi håpe at skisenteret på Reset blir velsigna med mange gode snøvintrar framover, seier Asle Geir Widnes Johansen.

Startar alt på slutten av 1800-talet

- Boka om historia til Hareid omfattar først og frems perioden som eigen kommune frå 1917 til 2017. Men eg startar forteljinga mi på siste del Av 1800-talet for å fange opp føresetnadene for dette lokalsamfunnet, legg Widnes Johansen til.