Natt til laurdag melde Møre og Romsdal politidistrikt om ei hending på Hareid via sin Twitter-konto.

Ein gjest blei slått i hovudet ved ein utestad på Hareid, og vedkomande som fekk slaget retta mot seg måtte oppsøke legevakt. Gjerningsmannen er kjent av politiet.

Litt seinare på natta blei politiet tilkalt til ein utestad i Volda sentrum, der ein gjest gjorde seg vanskeleg. Vedkomande blei vist bort frå staden. Litt seinare var det tillaup til slåstkamp mellom gjestar på ein utestad i Volda. Politiet identifiserte dei vedkomande, og dei forlét staden.

Rundt klokka 03.00 fann politiet ein person i Ørsta som hadde fått kraftig juling. Personen blei sendt til legevakta, og gjerningsmannen er også her kjent.