Ordførar Anders Riise (H) overrekte blomar til forfattar Asle Geir Widnes Johansen (t.v.) og kommunen sin representant i boknemnda, Oddbjørn Grimstad.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.)

Ordførar Anders Riise (H) overrekte blomar til forfattar Asle Geir Widnes Johansen (t.v.) og kommunen sin representant i boknemnda, Oddbjørn Grimstad.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Lanserte jubileumsboka til Hareid kommune:

Innhaldsrike 100 år mellom to permar

Forfattar Asle Geir Widnes Johansen presenterte jubileumsboka til Hareid kommune framfor ein fullsett sal under Bigsetmessa laurdag.

I sommar hadde Oddbjørn Grimstad sin siste offisielle arbeidsdag som kommunalsjef for næring, kultur og samfunnsutvikling i Hareid kommune. Men, han har også vore Hareid kommune sin representant i nemnda til jubileumsboka "Hareid frå 1917 til 2017 - 100 år som eigen kommune". Han hadde også æra av å introdusere sitt kjære Vox Virorum, som i opptakta til boklanseringa skulle synge nokre songar for publikum.

- Vi er 50 år som kor i år, og då passa det jo fint å få synge på ein slik stor dag, sa Oddbjørn Grimstad.

Vox Virorum opna med "Gamle Norig", før fokuset blei vendt mot dei britiske øyene og "Loch Lomond". Etter fleire songar, deriblant av Johan H. Grimstad, avslutta koret med ein song der nettopp Johan H. har bidrege, Jakob Sande sin "Til ei lita jente".

Ordføraren heidra forfattaren og boknemnda

Forfattar Asle Geir Widnes Johansen har hatt med seg Einar Holm, Finn Sindre Eliassen, Marit Kvammen og nemnde Oddbjørn Grimstad i boknemnda. Utgjevar av boka er Hareid Historielag, og det ferdige resultatet består av heile 600 sider rein tekst i tillegg til 80 sider med bilete.

Det er inga tvil om at det har blitt lagt ned enormt mykje tid for å samle 100 år (pluss litt til) med historie mellom to permar. Og det utan eit spesielt stort budsjett, samanlikna med andre liknande prosjekt.

- Det arbeidet Asle Geir og Hareid Historielag med fleire har gjort er svært imponerande. Dette er solid handverk, seier ordførar Riise.

Dette arbeidet, og resultatet, ønskte ordførar Anders Riise (H) å heidre forfattaren og boknemnda for. Etter ein tale om kor viktig det er å ta vare på lokalhistoria, overrekte han blomar til både forfattar Widnes Johansen og kommunen sin representant i boknemnda, Oddbjørn Grimstad.

Forfattaren presenterte boka

Asle Geir Widnes Johansen fekk så ordet, og ønskte fyrst å takke kommunen, historielaget og mange andre gode medhjelparar på vegen.

- Dette har eg jobba med i eitt og eit halvt år, og då er det ekstra kjekt å få slike gode ord frå ordføraren. Så vil eg også takke Hareid Historielag for oppdraget, for hjelpa og engasjementet. Eg ønskjer også å gratulere dei med Hareidsprisen. Eg vil takke Per Pilskog, som har vore spesielt viktig med tanke på bilete. Eg vil også gratulere kommunen ved ordførar Anders Riise med 100-årsjubileet. Så får eg håpe at også dei neste hundre åra blir like innhaldsrike og fulle av hendingar som dei siste hundre åra har vore, sa Asle Geir Widnes Johansen før han tok til å fortelje om boka.

For no var tida komen for at publikum skulle få høyre forfattaren fortelje om jubileumsboka, med eigne ord.

- Denne boka byrja eg på rundt nyttår i 2016. Ho omfattar naturlegvis dei hundre åra frå 1917 til 2017. Men, innleiingskapittelet tek utgangspunkt i tiåra før. Frå rundt 1860 og fram til Hareid blei eiga kommune. Dette gjorde eg litt for å gi ein bakgrunn for korleis Hareid kunne utvikle seg til ei eiga kommune. Fundamentet til det Hareid blei til i 1917. Fiskarbondesamfunnet er eit stikkord. Småbrukarar, fiskarar, sa Johansen og heldt fram:

- Vi hadde utvandringsperioden, der mellom 200- og 300 menneske i sin beste alder, flest mannfolk, forlét Hareid i løpet av utvandringa til Amerika. Det var også med på å skape Hareidshistoria. Levemåten, kampen for å overleve. Teknisk utvikling, som periodevis skjedde svært raskt. Eit gryande havfiske, overgangen frå segl til dampmotor, selfangstpionerane.

100 år med fiske og fangst

Widnes Johansen har også fokusert på Hareid sin store posisjon i fiskerihistoria til Norge.

- Hareid var på eit tidspunkt Norges største fiskerikommune. Før nedturen kom på 1950-talet. Den siste store fiskebåten vart seld frå Hareid på slutten av 1990-talet. Om ein ser tilbake på tiåra før Hareid blei eigen kommune, la fiskeriet eit grunnlag for ein stor rikdom i dette samfunnet, slik at ein kunne utvikle seg i ulike retningar, med industriarbeidsplassar og servicenæringar, sa Widnes Johansen.

Han fortalde så om eit anna element i boka, at Hareid kommune var tidleg ute med kraftproduksjon.

- Brandal var tidleg ute, allereie før Hareid blei eigen kommune, bygde brandølingane privat kraftverk. Etter kvart kom Hareid etter, og Hjørungavåg, med kraftverk til verftet. Dette var heilt avgjerande for industriutviklinga.

Nasjonal og internasjonal kultur til Hareidssamfunnet

På nasjonalt nivå blei det snakka om folkelære, fortel Asle Geir Widnes Johansen.

- Bønder reiste på lærarskulane som oppstod på siste halvdelen av 1800-talet, utdanna seg, og tok med seg kulturlivet dei kom inn i der heim igjen. Dei såg på det som si oppgåve å dra dette inn i lokalsamfunnet heime. Hareid har vore velsigna med slike sterke personlegdomar. Ein av desse er Rasofiel Rise. Eg kunne nemnt mange fleire namn. Kultur, kunst, korsong, og mykje anna. Hareid har vore heilt spesielt når det gjeld dette. Dette har prega samfunnet i 130-140 år, utan tvil.

Forfattaren har også hatt fokus på å skildre korleis det har vore for kvinnene i samfunnet gjennom alle desse åra.

- Det var kvinner frå Hareid som tok lærarutdanning allereie mot slutten av 1800-talet. Der har Hareid hatt den same utfordringa som mange andre kystkommunar. Ein sleppte ikkje til kvinner i det som ikkje var tradisjonelt. Hareid tilsette ikkje sine eigne utdanna lærarinner før nærmare rundt andre verdskrigen. Den fyrste kvinna som blei tilsett som lærarinne i Hareid kom utanfrå. Det var mange kvinner frå Hareid som tok lærarutdanning rundt hundreårsskiftet.

Han fortalde også om mennene som prioriterte å få fisken på land, slik at gardane blei mindre godt heldt ved like.

"Skilsmissa"

1. januar 1917 var Hareid blitt ei eiga kommune, skilt frå Ulstein. Men det var ein heil prosess før dette kunne skje. Denne prosessen har forfattaren skildra svært detaljert i boka.

- Befolkninga på Hareid var større enn befolkninga i Ulstein på dette tidspunktet. Dei to sokna utvikla seg dessutan i kvar si retning. Hareid mot Ålesund, medan Ulstein utvikla eit sterkare sentrum. I 1903 blei ein søknad til Kongen i statsråd om å skilje kommunane avslått. I 1914 braut den fyrste verdskrigen ut, Norge var nøytralt, men det medførte mykje papirarbeid for dei som sat i spissen for kommunane. Faktum er at ordførar Hans B. Osnes såg at det hadde vore betre at dei to sokna blei delt i kvart sitt herad, eller kommune, fortalde Widnes Johansen.

Eit skilje blei føreslått igjen, og ei nemnd søkte i 1916 til fylket og regjeringa om at sokna måtte skiljast. Året etter kom som sagt resultatet.

Asle Geir Widnes Johansen gav også nokre smakebitar om då Spanskesjuka kom til Hareid, dei økonomiske krisene Hareid har opplevd å vere ein del av, og den generelle situasjonen for folket i kommunen gjennom desse hundre åra.

Mange kjelder

Forfattaren fortalde at han har lest og sett gjennom mange aviser, personlege dagbøker, kommunale dokument, riksarkivdokument og folketeljingar for å kome fram til det ein no kan lese mellom to permar.

- Eg kan nemne mange namn, til dømes Ludvik Holstad (Bendik Bonde). Eg trur ikkje nokon eigentleg fattar kor mykje kulturarbeid han har levert, sa Widnes Johansen og sa avslutningsvis:

- Eg har prøvd å skrive ei bok som omfattar heile livet, folkelivet og samfunnslivet i Hareid. Politikk og val, næringsliv, fiske og fangst, jordbruk, helse og omsorg og ikkje minst kyrkja, kulturlivet og kristendommen. Kulturkommunen Hareid har hatt mange viktige diskusjonar og offentlege debattar gjennom dette hundreåret. Desse diskusjonane har etter mitt skjønn vore med på å bringe kommunen framover. Ta til dømes kinoen på Hareid, som ved fleire høve vart sterkt motarbeidd. For meg har det vore viktig å gi ordet til stemmene frå dette hundreåret.

Til slutt ønskte Asle Geir Widnes Johansen publikum til lukke med jubileet.

Vox Virorum, som sjølve har 50-årsjubileum i år, stod for opptakta til boklanseringa.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.)

Vox Virorum, som sjølve har 50-årsjubileum i år, stod for opptakta til boklanseringa.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Asle Geir Widnes Johansen presenterte jubileumsboka til Hareid framfor ein fullsett sal under Bigsetmessa.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.)

Asle Geir Widnes Johansen presenterte jubileumsboka til Hareid framfor ein fullsett sal under Bigsetmessa.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Etter presentasjonen var det fleire som ønskte signaturen til forfattaren.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.)

Etter presentasjonen var det fleire som ønskte signaturen til forfattaren.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: