(NPK): Årsaka til auken er at Stortinget har vedtatt å heve satsane for minstepensjon med verknad frå 1. september.

– Når satsane for minstepensjon vert sette opp, så vert grensa for minstepensjon flytta slik at ho omfattar alderspensjonistar som tidlegare har hatt ein alderspensjon med litt høgare utbetalingar enn minstenivået, seier Ole Christian Lien, seksjonssjef i Nav.

Ved utgangen av september 2017 var det 912.100 personar som fekk alderspensjon, og av desse var 156.100 minstepensjonistar. Det betyr at 17 prosent av alle alderspensjonistar i dag er minstepensjonistar.

Satsane for minstepensjon vart sett opp også i september 2016, og også då steig talet på minstepensjonistar. Over tid har likevel talet på minstepensjonistar i Noreg sokke, og ifølgje Nav vil det truleg gå ned igjen etter den siste auken.

Hovudårsaka er at yngre aldersgrupper jamt over har høgare pensjonsopptening enn dagens pensjonistar.