Flyktningar Dette fotoet er frå ein flyktningeleir i Kurdistan, Irak.
            (Foto: Arkiv/Illustrasjon.)

Flyktningar Dette fotoet er frå ein flyktningeleir i Kurdistan, Irak.Foto: Arkiv/Illustrasjon.

Skal busetje færre

Både Hareid og Ulstein er bedne om å ta imot flyktningar også neste år.

Integrerings- og mangfaldsirektoratet vil at dei to kommunane skal busetje ti flyktningar kvar. I år har Hareid busett tolv, medan Ulstein har teke imot 23 flyktningar. Til saman 4400 flyktningar skal få ein stad å bu i Noreg neste år. Berre halvparten av kommunane er spurde om busetjing, og årsaka er at det kjem færre asylsøkjarar til landet.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: