Mykje røyk Avgangen for «Utstein» frå Larsnes klokka 13.45 8. november var med mykje røyk. Det same har det til tider vore frå Ullensvang som trafikkerer Hareid-Sulesund. 
            (Foto: Vestlandsnytt.)

Mykje røyk Avgangen for «Utstein» frå Larsnes klokka 13.45 8. november var med mykje røyk. Det same har det til tider vore frå Ullensvang som trafikkerer Hareid-Sulesund. Foto: Vestlandsnytt.

Ferjerøyk ei plage på Larsnes

Ei blanding av gass- og røyk siv inn i administrasjonslokala ved rådhuset på Larsnes, og verneombodet har teke affære.

Lokalavisa Vestlandsnytt har omtala saka etter at verneombod Jostein Korsnes har skrive brev til rådmannen i Sande. Korsnes kan rapportere om klager frå fleire tilsette på «lukt og avgassar». Gassane kjem inn frå friskluftanlegget og vert spreidde over heile rådhuset. Mange tilsette er bekymra for om gassane kan innehalde giftige stoff.

Vestlandsnytt har også snakka med Rasmus Ekroll. Han slår fast at ventilasjonsanlegget ved rådhuset ikkje klarer å hindre at røyk kjem inn, og at det enkelte gonger er svært dårleg luft inne på rådhuset.

– Etter alt å dømme klarer ikkje ferjene til Norled å oppfylle dagens krav til utslepp, seier Ekroll i avisa.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: