Borgarlege vigslar

Gratis på rådhuset

I dag skal Ulstein formannskap diskutere korleis Ulstein kommune skal leggje til rette for borgarlege vigslar i kommunal regi. Ei endring i ekteskapslova gjer at alle kommunar må ha eit slikt tilbod frå 1. januar 2018.

Hareid kommune vedtok eit reglement for dette tidlegare i haust. No skal det altså opp i Ulstein formanskap i dag, før kommunestyret gjer vedtak 14. desember.

Forslag

Rådmannen foreslår at ordførar og varaordførar tar seg av den kommunale vigselsretten.

Ulstien vil tilby vigslar for både brurefolk som er busette i Ulstein og brurefolk som ikkje er busette i kommunen. Kommunen kan fakturere brurefolket for naudsynte kostnader til slik vigsel.

Borgarlege vigslar skal finne stad i kontortida på rådhuset, anten på kontoret til ordførar eller i kommunestyresalen. Slik vigsel er kostnadsfri, står det i framlegget til vedtak. Brurefolket har sjølv ansvar for eventuelle innslag utover sjølve vigselen, om dei til dømes vil ha musikk eller andre kulturelle innslag.

Om brureparet ønskjer vigselen andre stader enn på rådhuset, eller utanfor kontortida, må dei avtale det særskilt med vigslaren. Så vil kommunen fakturere dei for dei eventuelle ekstrakostnadene, som reiseutgifter.

Kommunen vil tilby å gjennomføre vigslar på norsk og engelsk.

Det administrative ansvaret for vigselsordninga blir lagt til politisk sekretariat. Dei skal leggje til rette for at vigslane kan utførast i verdige rammer.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: