Innom biblioteket: Kåre Nils og Pernille Brandal er ivrige brukarar av biblioteket på Hareid. FOTO: Hareid folkebibliotek
            (Foto: Hareid folkebibliotek)

Innom biblioteket: Kåre Nils og Pernille Brandal er ivrige brukarar av biblioteket på Hareid. FOTO: Hareid folkebibliotekFoto: Hareid folkebibliotek

Gratis parkering for boklånarar

Hareid folkebibliotek har fått fleire parkeringsplassar.

Biblioteksjef Anne Vasstrand fortel at Hapark no har sett av to ekstra plassar for dei som skal innom biblioteket. Parkeringa er på Bankplassen, utanfor hovudinngangen til biblioteket.

Biblioteket på Hareid har no til saman fire gratis parkeringsplassar for dei besøkande. Plassane er alle avgrensa til ein halv time.

– Der er også ein handicapparkeringplass på Bankplassen. Denne ligg også tett inntil inngangen til biblioteket, seier biblioteksjefen.

Treng publikum å stå lenger enn ein halv time må dei parkere på oppsida av Rådhuset. Der kan besøkande stå gratis i to timar.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: