Ulstein Arena opnar ikkje før laurdag 2. desember. Før helga tok fire gutar seg inn i bygget og sende snapchatmelding derifrå.
            (Foto: Arkiv: Ingvild Aursøy Måseide)

Ulstein Arena opnar ikkje før laurdag 2. desember. Før helga tok fire gutar seg inn i bygget og sende snapchatmelding derifrå.Foto: Arkiv: Ingvild Aursøy Måseide

"Snapa" frå Ulstein Arena

Fire ungdomar tok seg fredag kveld ulovleg inn på Ulstein Arena.

Ifølgje politiloggen vart det sendt ei snapchatmelding inne frå bygget.

Politiet kom til staden etter kort tid, og kunne slå fast at ikkje noko var stole eller øydelagt.

Fire gutar vart seinare stoppa i sentrum.  Dei vart avhøyrde på staden og vedgjekk at dei hadde vore inne i anlegget, som opnar først laurdag 2. desember.

Gutane vart køyrde heim og foreldra involverte, heiter det i politiloggen.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: